MANGE LØYVER: 1750 frie løyver pluss 1750 kalveløyver og jakt frå 10. august til 30. oktober – slik blir reinsjakta i Nordfjella til hausten, med mindre Miljødirektoratet har motførestillingar. Arkivfoto

Går for reinsjakt i nesten tre månader

Villreinnemnda har bestemt at dei går for reinsjakt frå 10. august til 31. oktober i Nordfjella villreinområde. Totalt skal jegerane få utdelet 3 500 løyver, halvparten frie og halvparten kalv.

Lærdal/Aurland: – Dette er med atterhald om at Miljødirektoratet godkjenner ei slik kvote og denne jakttida, seier Lars Nesse, leiar i vilreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen villreinområde.

Onsdag 19. april heldt nemnda årsmøte og gjekk inn for det tidlegare førespegla opplegget for reinsjakta til hausten.

Les også: Føreslår tre gonger lengre reinsjakt

Noko som tyder 1750 frie løyver i Nordfjella, pluss at det blir utdelt eitt kalveløyve for kvart frie løyve.

Villreinnemndene er normalt organa som endeleg bestemmer kvotar og jakttid for reinsjakt, men i dette høvet må Miljødirektoratet gje dispensasjon. Forskrifta for jakt- og fangsttider seier at jakttidsramma for reinsjakt er frå 20. august til 30. september, men at jakttida kan utvidast med inntil 14 dagar dersom det føreligg bestemte særskilde bestandsmessige behov.

Bukkejakt til 15. september

Her er det snakk om utviding av jakttida med nærare halvannan månad, og bakgrunnen er sjølvsagt utbrotet av skrantesjuke i Nordfjella – noko som gjer at myndigheitene planlegg full sanering av reinsbestanden i Nordfjella sone 1 med ein vinterstamme på om lag 1800 individ i løpet av kort tid.

Les også: Mattilsynet: – Utskyting bør skje i løpet av eitt år

Les også: Meiner nordfjellareinen bør sanerast uavhengig av eventuell spreiing

Difor legg ein opp til reinsjakt med så stort uttak som mogleg denne hausten slik at mest mogleg rein kan fellast under «ordinær» jakt.  

LANG JAKT: Leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse, forklarar kvifor nemnda går for så lang jakt og så store kvotar. Arkivfoto
LANG JAKT: Leiar i villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen, Lars Nesse, forklarar kvifor nemnda går for så lang jakt og så store kvotar. Arkivfoto

– Me skal ikkje høyra at nokon jeger kjem nedatt og seier at dei ikkje har fått skote fordi dei hadde feil type kort. Det er for så vidt heile grunngjevinga, forklarar Nesse.

Bukkejakta skal vera slutt 15. september, frå då av er det altså jakt på simler og kalv som gjeld. Bukken går i brunst på denne tida, og kjøt frå ein brunstig reinsbukk er ikkje etande for folk med normale ganar.

– Bukkejakta er det villreinutvalet som regulerer, forklarar Nesse.

Fjellstyra jobbar med samjaktavtalar

I tillegg jobbar fjellstyra med terreng i Nordfjella med eit oppleg for såkalla samjakt – det vil seia at jegerar med løyver i ein bestemt almenning kan nytta desse løyva i andre almenningar når samjaktavtale ligg føre.

– Så kan også private grunneigarar inngå avtalar både seg imellom og med fjellstyra. Dette opplegget er ikkje heilt i boks frå fjellstyra si side enno, men nemnda oppmodar om gode samjaktavtalar – me ser at ein monaleg del av løyva blir skotne på andre eigedommar enn dei i utgangspunktet er skrive ut for, seier Nesse.

Eit anna moment som får mykje å seia for det praktisk rundt reinsjakta i Nordfjella til hausten er korleis ei spesiell soneforskrift som no er i emning endeleg vil bli utforma. 

Forskrifta har vore på høyring, høyringsfristen gjekk ut torsdag 20. april. Forskriftsframlegget inneheld ei rekkje paragrafar som regulerer åtferd i høve hjortevilt i kommunane som har terreng i Nordfjella sone 1.

Forskriftsframlegget: Jegerane må beina ut slaktet eller henta det att i fjellet

Mellom anna har paragraf 7 i forskrifta slik den no ligg føre fått mang ein jeger til å heva på augebryna.

Ordlyden i paragrafen er som følgjer:

Ǥ 7 Tilleggsforbud for villrein i Nordfjella-sonen
Det er forbudt å flytte hele eller deler av døde villrein ut av fjellområdene i Nordfjella-sonen.

Forbudet gjelder ikke utbeinet kjøtt, materiale som skal til avfallshåndtering etter avtale med Mattilsynet og materiale til forskning eller prøvetaking. Forbudet gjelder heller ikke der negativ prøvesvar for Chronic Wasting Disease foreligger for dyret.»

Noko som i praksis inneber at jegerar som skyt rein i Nordfjella anten må beina ut slaktet før dei tek det med ut av fjellet og heim, eller leggja slaktet i fjellet og henta det nedatt når det eventuelt er stadfesta at den skotne reinen ikkje er CWD-infisert.  

– Me er grådig spente på korleis denne soneforskrifta blir fordi den får mykje å seia for jaktutøvinga. Endeleg forskrift er venta å liggja føre i slutten av mai, seier Nesse.

 

Til toppen