SANKAR STØTTE: Hans A. Tønjum (f.v) og Hans Hagheim er godt nøgd med 18 underskrifter etter ein god halvtime med underskriftssanking for å få att preikestolen i Tønjum kyrkje. Foto: Jan Christian Jerving
SANKAR STØTTE: Hans A. Tønjum (f.v) og Hans Hagheim er godt nøgd med 18 underskrifter etter ein god halvtime med underskriftssanking for å få att preikestolen i Tønjum kyrkje. Foto: Jan Christian Jerving

Går frå dør til dør for å sanke underskrifter for preikestolen

Tysdag ettermiddag starta aksjonsgruppa å sanke underskrifter for å få attende preikestolen i Tønjum kyrkje i Lærdal. Etter ein god halvtime hadde dei alt fått 18 underskrifter. 

– Me er fem-seks stykk som no går rundt og besøkjer kvart hus i gamle Tønjum sokn for å få underskrifter for å få preikestolen attende. Kor mange underskrifter me er oppe i no, har eg ikkje oversikt over, fortel Hans O. Tønjum, som er ein av tre som står bak underskriftskampanjen. 

Inviterar til soknemøte

Då kyrkjelyden kom til gudsteneste 15. mars var preikestolen i Tønjum kyrkje fjerna, noko som vekte stor harme blant innbyggjarane. Preikestolen vart fjerna for å gi meir plass fremst i kyrkja, etter vedtak i kyrkjestyret i Lærdal og godkjenning frå biskopen og riksantikvaren, men utan at bygdafolket fekk seie si meining. Leiaren i kyrkjestyret i Lærdal, fortalde til Porten.no at alt er gjort i beste meining, men er open for å gjera om på vedtaket som fekk preikestolen fjerna. 

Les også: – Sjokkert over at preikestolen er borte

Hans O. Tønjum, Hans Hagheim, Inge Raa og Harald Eri varsla onsdag 18. mars om at dei ville setje i gang ei underskriftskampanje for å få preikestolen frå 1832 attende i Tønjum kyrkje. Kyrkjestyret i Lærdal har no invitert til soknemøte onsdag 8. april der ein diskuterar flytting av preikestolen og framtidig bruk av kyrkja i lag med innbyggjarane i soknet. 

Les også: Gir seg ikkje før preikestolen er attende

Sankar fram til påske

– Det har vore snakk om å leggje ut lister i butikkar, men akkurat no er det ikkje sikkert det er nødvendig. Me vil først og fremst gje folk frå soknet ei moglegheit til å uttala seg. Eg håpar me er ferdig med alle heimar i soknet fram til palmesøndag, seier Tønjum. 

I tillegg har aksjonsgruppa teke imot underskrifter frå utflytte lærdøler som syner si støtte. Tønjum reknar også med fleire underskrifter ettersom fleire utflytte vender nasen heimover til påske. Han fortel at det er heller ingenting i vegen for at andre frå Lærdal syner si støtte i saka. 

– Kva seier folk når de kjem?

– Mange sympatiserar og meiner det er feil at preikestolen er teken ut av kyrkja utan at folk i bygda har fått seie si meining, men det er også nokre som meiner det bør vera som det er no, sidan preikestolen alt er fjerna, seier Tønjum. 

Han legg til at på den vesle runden han gjekk torsdag ettermiddag trefte han på 19 stykk, der 15 signerte underskriftskampanjen.

– Det virkar som om fleirtalet av dei me har vore hos vil ha preikestolen attende, seier Tønjum. 

Har du tips til gode saker? Send e-post til tips@porten.no, SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen