INGA USEMJE: Formannskapet i Lærdal såg ingen grunn til å koma med andre framlegg enn kva rådmannen hadde tilrådd i saka om skulekrinsgrenser etter nedlegginga av Ljøsne skule, men ber om presiseringar i høve skuleskyssen når saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret. Foto: Ole Ramshus Sælthun
INGA USEMJE: Formannskapet i Lærdal såg ingen grunn til å koma med andre framlegg enn kva rådmannen hadde tilrådd i saka om skulekrinsgrenser etter nedlegginga av Ljøsne skule, men ber om presiseringar i høve skuleskyssen når saka skal opp til endeleg vedtak i kommunestyret. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Går inn for at alle elevane på Ljøsne blir flytta til Lærdalsøyri skule

Medlemmane i formannskapet var samde om at når Ljøsne skulekrins opphøyrer, blir heile denne liggjande under Lærdalsøyri skule.

Lærdal: Rådmannen si tilråding baserte seg mellom anna på høyringsrunden som har vore i saka, der både styret i Saltkjelen vel, FAU og SU ved Ljøsne skule ønskja at heile noverande krins for Ljøsne skule blir liggjande under Lærdalsøyri skule, heller enn at krinsen blir splitta ved Bøabrui.

Grunngjevinga til desse tre i høyringsrunden var for det første at det er meir naturleg å flytta elevane på Lærdalsøyri skule no når Ljøsne skule blir nedlagt, ettersom både barnehagen og ungdomsskulen er lokalisert på Øyri.

For det andre vil splitting av krinsen medføra at venegjengar blir splitta dersom nokre elevar skal på Øyri, andre på Borgund.

Les også: – Omsynet til bornas beste har falle totalt for økonomi

Les også: Kva vil skje med bygningane?

Skal klargjera økonomiske tilhøve rundt skuleskyss

"Meiningane til foreldra og lokalsamfunnet på Ljøsne er svært viktig i denne saka, det er dei som fyrst og fremst vil merke konsekvensane. At dei tre høyringsinstansane som har uttala seg frå Ljøsne alle ynskjer at elevane skal til Lærdalsøyri, har vore eit viktig grunnlag for tilrådinga i saka", står det i saksutgreiinga.

Dersom ein splitta krinsen ved Bøabrui ville 29 elevar hamna på Borgund og 11 på Lærdalsøyri slik elevane er fordelte i dag, går det fram av saksutgreiinga.

- Det krystalliserer seg ganske klart ut kva som blir dei nye krinsgrensene. Eg lurer på skuleskyssen - det står ganske kategorisk i saksutgreiinga at foreldra må betala skyss sjølve om dei vel ein annan skule enn krinsen tilseier.

Av saksutgreiinga går det også fram at det blir sett opp midtskyss for dei yngste elevane frå Lærdalsøyri skule, det vil seia skuleskyss tidlegare på ettermiddagen så elevane busette på Ljøsne som har korte dagar ikkje må venta til dei andre elevane er ferdige for dagen. Dei økonomiske konsekvensane av dette var noko uklart.

- Det er veldig viktig å gjera folk trygge i denne situasjonen, sa ordførar Jan Geir Solheim, og påpeika at økonomien rundt både midtskyss og skyss ved val av anna skule enn kva krinsen tilseier blir klargjort tydeleg når kommunestyret skal fatta endeleg vedtak i saka 9. februar.

Formannskapet var samrøystes om ei forskrift som tilseier at krinsen for Lærdalsøyri skule tek opp i seg heile dagens krins for Ljøsne skule.
 

Til toppen