EITT STEG NÆRARE: Musea i Sogn og Fjordane kan vera aktuell for å drifta av museum, turistinformasjon og villakssenter, medan Green Norway kan vera aktuell for kafédrifta. Formannskapet i Lærdal støtta at rådmannen no går inn i forhandlingar. Foto: Ina Eirin Eliassen
EITT STEG NÆRARE: Musea i Sogn og Fjordane kan vera aktuell for å drifta av museum, turistinformasjon og villakssenter, medan Green Norway kan vera aktuell for kafédrifta. Formannskapet i Lærdal støtta at rådmannen no går inn i forhandlingar. Foto: Ina Eirin Eliassen

Går inn i forhandlingar med drivarar for kulturhuset

Musea i Sogn og Fjordane vurderer å ta anvar for drifta av villakssenter, turistinformasjon i tillegg til museet. I tillegg kan Green Norway vera aktuelle for kafèdrifta.

Mykje har skjedd sidan kommunestyret i Lærdal for ein månad sidan. Då stemte kommunestyret for å utsetje saka om å finne ein drivar for alle aktivitetane i Lærdal kulturhus. Kommunestyret bad om at alle aktuelle tilbod vart lagt fram for formannsaket 23. april for ei avgjerd. 

Les også: Framleis ingen drivar for kulturhuset i sommar

Trekte seg

Tilbodet frå Lærdal Guiding var i utgangspunktet ikkje med vidare då dei mangla eit tilfredstillande driftskonsept. Medan tilrådinga frå rådmannen under kommunestyret i mars, var å gå vidare med selskapet under stifting om dei la fram budsjett og driftskonsept som svara til forventingane. 

Etter sist kommunestyremøte kalla rådmann Alf Olsen jr. inn både Lærdal Guiding og selskapet under stifting kvar for seg til møte for å klargjere og få betre innsikt om driftstilboda dei la fram. 

Begge interessentane gav så beskjed om at dei trekker tilboda om å driva kulturhuset.

Joker i spel

Så vart Musea i Sogn og Fjordane kontakta for å høyre om vil ta ansvar for villakssenter, turistinformasjon og kafeen. Dette vart sett som eit alternativ då Musea i Sogn og Fjordane gav beskjed dagen før kommunestyret i mars, at dei ønsker å driva kunstsenteret sjølv for sesongen 2015.

Musea i Sogn og Fjordane vil vurdere å ta ansvar for alt utanom kafeen. Dei har i tillegg behov for avklaringar om mogleg stønad frå næringsfondet mellom anna til marknadsføringstiltak for årets sesong og samspel med kommunen når det kjem til mellom anna opningstider og personale.

Ifølgje Olsen jr. har Musea i Sogn og Fjordane også gitt signal om at dei er interessert i ei langsiktig løysing på drifta, noko som skal greiiast ut nærare gjennom det samla utviklingsprosjektet for kulturhuset. 

I tillegg kan Green Norway, som no held til i Flåm, vera aktuelle for kafèdrifta. Dei viste interesse for konkurransen om driftsløysing, som hadde frist på nyåret, og deltok på synfaringa av bygget. 

Har ingen andre tilbod eller alternativ

Tilrådinga frå rådmannen om korleis å gå vidare for å få ei driftsløysing, var at han får fullmakt til å inngå avtale med dei aktuelle aktørane for å opne og drifte funksjonane i huset. I tillegg skulle formannskapet torsdag ta stilling til kor mykje midler ein skulle stille til disposisjon frå næringsfondet. 

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) seier han ikkje tykkjer det er feil å løyve pengar til marknadsføringstiltak til Musea i Sogn og Fjordane, slik at turistar får veta at det er ope i sommar, men legg til at formannskapet må bli einige om ein sum. 

Gro Starheimsæter (Sp) peika på at det ikkje er ei forhandling med Musea i Sogn og Fjordane om formannskapet vedtek ein sum. 

Dermed kom Solheim med framlegg om å gi rådmann fullmakt til å inngå avtaler for å opne og drifte funksjonane i kulturhuset, men at økonomiske forpliktingar må bli vedteke under eit ekstraordinært møte i formannskapet. Det vart samrøystes vedteken. 

– Rådmann har gjort ein god jobb her. No er det viktig at me ikkje stopper på oppsida, seier Solheim.

Olsen jr. legg til at det har vore gjort mykje arbeid for å få ei avklaring på kulturhuset, men utan å lykkast. Han ser no at dialogen kunne vore gjort på ein annan måte, noko dei skal ta med seg vidare som læring. 

Til toppen