FEKK DISPENSASJON: Trass protestar frå naboar som Knut Johan Jansen (t.v.) fekk Trond Øyen Einemo (t.h.) og Høgeloft AS dispensasjon til å setja opp ein brakkerigg som skal nyttast som asylmottak på Borgund. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FEKK DISPENSASJON: Trass protestar frå naboar som Knut Johan Jansen (t.v.) fekk Trond Øyen Einemo (t.h.) og Høgeloft AS dispensasjon til å setja opp ein brakkerigg som skal nyttast som asylmottak på Borgund. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Går med augo opne inn i ei konfliktsone ved å tillate dette

Det sa Frode Myklebust (V) då formannskapet behandla dispensasjonssaka måndag.

Borgund: Venstre-politikaren, Gro Starheimsæter (Sp) og Gunn Beate Sjøtun (Sp) røysta alle for å gi Høgeloft AS dispensasjon til å setje opp ein brakkerigg som skal nyttast som asylmottak i Borgund sentrum.

Det trass i at dei næraste naboane gav klar beskjed om at dei ikkje helsa brakkeriggen velkomen i sentrum. 

Problem med tilkomst til ridebana, parkering, vatn og avløp, samt konsekvensar for kommunal økonomi var dei viktigaste områda dei folkevalde i formannskapet var innom då dei til slutt gav dispensasjon måndag.

POSITIVE: Gunn Beate Sjøtun (Sp) og Gro Starheimsæter (Sp) var begge positive til brakkeriggen og røysta for å gi dispensasjon.
POSITIVE: Gunn Beate Sjøtun (Sp) og Gro Starheimsæter (Sp) var begge positive til brakkeriggen og røysta for å gi dispensasjon.

– Godt ivaretatt

– Eg forstår at dette er ei sak mange har lyst til å meine noko om. Det er flott det, men viss me les sakspapira, som eg forheld meg til, kokar det mykje ned til at det er problem med tilkomst og parkeringsplassar. Det er dei tinga som blir trekt fram.

Les også: Naboane viste sin misnøye

– Det har me tatt godt ivare, og no har me formulert oss slik at dersom det ikkje blir ivaretatt, finst det ingen dispensasjon. Me treng ikkje tilbakemelding om at dette er på plass før vedtak. Det er ivaretatt slik tilrådinga ligg føre, sa Gro Starheimsæter.

I tilrådinga frå rådmann går det fram at parkering og tilkomst er noko som må sikrast for å stette behovet for asylmottaket, skulen og idrettsbana. Slik det ser ut, blir det tilkomst på anten austsida eller sørsida av bygget.

Parkering blir løyst mellom anna med ein snuplass for buss, som også skal fungere som parkeringsplass, men då må kommunen først og fremst få godkjend søknaden om trafikktryggingsmiddel. Dessutan må området regulerast om. Sjølve etableringa av parkeringsplassar er det utbyggar som må stå for. Dette prosjektet er heller ikkje ført opp i investeringsbudsjettet til kommunen.

ANDRE ALTERNATIV: Kåre Mentz Lysne (Ap) fremja forslag om å utsetje saka og be utbyggar vurdere andre område.
ANDRE ALTERNATIV: Kåre Mentz Lysne (Ap) fremja forslag om å utsetje saka og be utbyggar vurdere andre område.

Ville be utbyggar sjå på alternativ plassering

Avgjerda vart teken etter at politikarane og naboar var på ei befaring der brakkeriggen skal setjast opp før møtet. Trass minusgrader, var temperaturen ganske høg. 

– For meg var bygget overraskande stort. Det er mange utfordringar med eit så stort bygg trykt inn der. Eg er klar over at det er her det er søkt, men ei plassering utan konflikt med annan aktivitet vil vere næringsarealet mellom skulen og servicesenteret, sa Kåre Mentz Lysne, som fremja forslag om å utsetje saka og be søkar om å vurdere dette området.

Les også: Ap: Vil løfte sak om asylmottak for mindreårige opp politisk

– Eg føler det er eit relevant spørsmål fordi me ser temperaturen der oppe. Me er ikkje imot eit asylmottak, men kanskje ei anna plassering, som er like i nærleiken sentrumsnære aktivitetar, er betre. Ei slik plassering vil løyse alt. Det er privateigd, men det er jo snakk om arealleige i begge tilfelle.

Nasjonal dugnad

Dette fekk Arbeidarpartiet støtte i frå Sosialistisk Venstreparti med Annike Vanberg, som bad om at ein ser på det store biletet i slike saker. Og det verkeleg store biletet var det rådmann Alf Olsen jr. som presenterte.

Artikkelen held fram under biletet.

LØYSNING: På kartet kan ein sjå korleis parkering er tenkt løyst med snuplass for buss. Dei mest aktuelle tilkomstane til rideanlegget er anten på baksida av bygget eller på kortsida av bygget til venstre på dette kartet. Teikning: Høgeloft AS.
LØYSNING: På kartet kan ein sjå korleis parkering er tenkt løyst med snuplass for buss. Dei mest aktuelle tilkomstane til rideanlegget er anten på baksida av bygget eller på kortsida av bygget til venstre på dette kartet. Teikning: Høgeloft AS.

– Skal det bli bestemmande for denne saka at rideklubben har to stevner i året? Me veit at det er ein nasjonal dugnad med å handtere asylsøkjarar og at dei ber oss handtere slike saker så raskt som mogleg. Det er difor me har pressa på for å få ei beslutning, sa han.

Skjønte ikkje hastverket

Men Frode Myklebust skjønte ikkje heilt hastverket då spørsmålet om møtet i det heile var lovleg sett dukka opp i forkant.

SYNTE: Sakshandsamar Nina Øyre syner dei folkevalde korleis tilkomst og parkering er tenkt løyst. 
SYNTE: Sakshandsamar Nina Øyre syner dei folkevalde korleis tilkomst og parkering er tenkt løyst. 

– Dette er illustrerande for heile prosessen. Det går fort i svingane. Kva er det som hastar? Me er under press, men viss UDI ikkje er så nøye med å svare oss, hastar det då eller ikkje? Dette er eit ekstra-ordinært møte, og ideelt sett burde me koma vidare i dag. I akkurat denne saka er det viktig at me trår rett. Saka er konfliktfylt, spesielt på Borgund, så det er viktig at me held tunga rett i munn, sa han og stilte også seinare spørsmålet om kor mykje som drypper på kommunen ved etablering av mottak.

– Ein får eit vertskommunetilskot, som er ganske stort. Dei som bygger ut må dekka investeringane som må til. Kostnadane ligg på dei. Tiltaket i seg sjølv kan representere ei inntektskjelde for kommunen med liten risiko, forklarte Olsen jr.

Dei folkevalde enda til slutt på eit ja til dispensasjon i inntil ti år. Når dei åra er omme, må det søkast på nytt – også dersom bygget skal nyttast til noko anna enn asylmottak. Og så vil berre tida vise om dei i det heile kjem eit asylmottak. Det er avhengig av at ein avtale må på plass mellom Høgeloft, Hero og UDI. 

Til toppen