STØY: Det ser no ut som Gymloftet og Indre Sogn Sparebank har funne ei løysing som begge kan leva med. Foto: Ina Eirin Eliassen
STØY: Det ser no ut som Gymloftet og Indre Sogn Sparebank har funne ei løysing som begge kan leva med. Foto: Ina Eirin Eliassen

Går mot ei løysing for Gymloftet

Indre Sogn Sparebank var plaga med at alarmen i banken vart utløyst av vibrasjonar frå vekter i etasjen over der treningsenteret Gymloftet held til. No har dei i lag funne to moglege løysingar på problemet. 

Lærdal: Gymloftet vart starta opp i 2009 og har over 200 brukarar, alt frå ungdom som er ute av idretten til folk med helseplagar og pensjonistar. 

For kring sju månader sidan fekk Gymloftet på Lærdalsøyri beskjed om å sjå seg om etter eit anna lokale av Indre Sogn Sparebank, fortel dagleg leiar for Gymloftet, Kjell Olav Bjørkum. 

Bank og treningssenter gjekk ikkje i lag

Problemet var då at vektene som gjekk i golvet på Gymloftet, gav støy og vibrasjonar ned i banken i etasjen under. Då det var som verst, betydde det at at dei banktilsette måtte rykke ut på kveldstid fleire gonger i veka for å slå av den utløyste alarmen. Det vart både kostbart og var heller ikkje haldbart over tid. 

– I ein periode gjekk ikkje bank og treningssenter i lag, men det har aldri vore snakk om å kaste Gymloftet ut, men å finna ei løysing som begge kan leva med. Me i banken ser Gymloftet som eit godt tilbod til bygdafolket, seier Magne Klepp, avdelingssjef i Indre Sogn Sparebank i Lærdal. 

Vanskeleg å finne eit lokale

Bjørkum har full forståing for at støy og utløysing av alarmen i banken ikkje er heldig.  

– Problemet er å finna eit nytt lokale. Det er begrensa kva me kan investere i eit lokale utan hjelp, då Gymloftet blir drive på fritida og ikkje er noko ein blir rik av, seier Bjørkum.  

Spørsmål om Gymloftet vart også løfta av Bente Øien Hauge, som står bak Facebook-gruppa Aksjon redd Gymloftet i Lærdal, under valdebatten i Lærdal onsdag kveld, der ho lurte på om det er noko som kan bli gjort politisk for å redde tilbod som Gymloftet.  

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) sa då at kommunen har gjort forsøk og at dei har nokre plassar å tilby treningssenteret, men at dei ikkje ligg i sentrum, utan at dei har klart å kome fram til ei løysing. 

Likevel fortel Bjørkum til Porten.no at han ikkje ventar at kommunen skal stilla med hus. Bjørkum var også klar på at det ikkje har vore aktuelt å legga ned, men å finna ei løysing. 

Har to moglege løysingar

Dei siste to månadane har Gymloftet lagt eit dobbelt lyddempingsgolv, noko som har betra situasjonen. Klepp bekreftar også at alarmen ikkje har vore utløyst sidan før sommaren.

– Ting har betra seg kraftig og Gymloftet har gjort tiltak slik at mykje av støyen ned i banken er borte. Me kan leva med slik det er no, seier Klepp.

Klepp fortel også at Indre Sogn Sparebank, som er huseigar, har tilbydd Gymloftet å flytte inn i lokalet ved sidan av banken, der Sportbui var, som eit alternativ, sjølv om lokalet er mindre.

Bjørkum fortel dei skal testa ut lokalet om få dagar, mellom anna for å sjå kor mykje støy det gir. 

– Me håpar no å landa på ei løysing om kort tid, seier Bjørkum.  

Til toppen