KREVE ELLER FORHANDLE?: Aurland kommune må bestemme seg kva dei vil gjere innan 1. mars, som er fristen sett av NVE.
KREVE ELLER FORHANDLE?: Aurland kommune må bestemme seg kva dei vil gjere innan 1. mars, som er fristen sett av NVE.

Går mot forhandlingar om skjerpa miljøkrav i Aurlandsvassdraget​

Kommunen kan trumfe gjennom ein revisjonsprosess, men fleirtalet av politikarane i Aurland ser ut til å føretrekkje forhandlingsbordet.

Aurland: Vilkåra for å  få lov til å drive kraftproduksjon i Aurlandsvassdraget, dei såkalla konsesjonsvilkåra, har vore uendra i snart femti år. Aurland kommune kan i 2019 krevje ein revisjon av vilkåra, noko som i praksis vil bety strengare miljøkrav.

Kommunestyret har det endelege ordet, men i formannskapet torsdag vart det eit knapt fleirtal for å heller gå i forhandlingar med kraftprodusenten E-CO Energi.

– Eg er skuffa og tykkjer det er utruleg at formannskapet i Aurland faktisk seier nei til å krevja vilkårsrevisjon, seier Anders Fretheim i Miljøpartiet Dei Grøne.

Les også: Leiaren for elveeigarlaget uroa for framtida til Aurlandsvassdraget

Ordførar Noralv Distad meiner på si side det er fornuftig å starte med forhandlingar.

– Viss me ikkje oppnår eit tilfredstillande resultat, så kan me krevja revisjon. Så me har på ingen måte fråsagt oss retten til det, seier han.

Anders Fretheim er derimot skeptisk til forhandlingar og fryktar ein frivillig avtale ikkje vert like bindande som ein revisjon. Det meiner ordføraren han har liten grunn til.

– Me vil forhandla for å få fram like bindande vilkår, seier ordføraren.

Til toppen