BLIR TRULEG FREDA: Hotel Mundal kan om få år stå fram i ny og meir autentisk drakt, dersom alle planane blir realiserte.
BLIR TRULEG FREDA: Hotel Mundal kan om få år stå fram i ny og meir autentisk drakt, dersom alle planane blir realiserte. (Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Går mot freding, opprusting for fleire titals millionar og mogleg tilbygg

Framtida ser lysare ut enn på lenge for historiske Hotel Mundal i Fjærland.

Fjærland: Etter initiativ frå hotelleigaren, investor Ola Moe, jobbar fylkeskommunen med å få det historiske hotellet freda. I midten av september var partane samla i Sogndal for å diskutere vegen vidare.

– Det betyr at hotellet får eit vern som gjer at det òg får ein høgare status i markedet, samt at det blir mogleg å få ein del støtte til restaureringa. I tillegg kjem det sjølvsagt ein del ekstra krav. Det viktigaste er at hotellet blir tatt vare på for framtida, seier Moe til Porten.no.

NY FASADE: Den nordlege fasaden, til høgre i biletet, slik den framsto rundt 1900-talet, då biletet vart teke.
NY FASADE: Den nordlege fasaden, til høgre i biletet, slik den framsto rundt 1900-talet, då biletet vart teke. Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

– Eg har alltid vore optimist

I august fjor truga han med å rive det historiske hotellet på grunn av det han oppfatta som urettvis skattlegging. Hotellet måtte nemleg betale eigedomsskatt, sjølv om drifta gjekk i minus og hotellet treng oppussing. I november løyste den floka seg då kommunestyret vedtok å gje det historiske hotellet fritak frå skatten.

– Eg har alltid vore optimist på vegner av hotellet, ellers hadde eg ikkje kjøpt det, seier Moe, som likevel er glad den saka er eit ferdig kapittel.

Det er ikkje berre naudsynte reparasjonar han no planlegg. Moe vurderer òg å gjenskape hotellet sin tidlegare utsjånad, noko som vil føre til at det får færre rom. I så fall vil hotelleigaren kompensere med eit tilbygg bak hotellet:

Vurderer nytt tilbygg

– Den eine fasaden har blitt ombygd fleire gongar og framstår fjernt frå det opprinnelege arketektoniske preget. Vi samarbeider no med eit arkitektfirma i Sogndal og riksantikvaren for å finne ei god løysing, seier Moe.

Han har ikkje sett noko dato for når alt skal vere ferdig, men meiner det meste bør vere gjort, eller i det minste bestemt, innan 2020. Det er uansett ikkje snakk om småpengar investoren er villig til å bruke for å få hotellet i stand.

– I første omgang, med det som skal gjerast i samband med vern og vedlikehald, så er det nokre titals millionar. I det øyblikket vi skal bygge til noko, så snakkar vi om vesentleg større verdiar. Men det er noko som ikkje er bestemt, det er litt i fantasiverda enno, seier Moe.

Til toppen