MEIRFORBRUK: Lærdal kommune styrer mot eit meirforbruk (underskot) på dryge 1,3 millionar kroner i 2017om ein legg prognose utifrå månadane januar - april til grunn. Arkivfoto
MEIRFORBRUK: Lærdal kommune styrer mot eit meirforbruk (underskot) på dryge 1,3 millionar kroner i 2017om ein legg prognose utifrå månadane januar - april til grunn. Arkivfoto

Går mot meirforbruk på 1,3 millionar kroner

Særskild innan helse og tekniske tenester ligg prognosane godt over budsjettmålet 1. tertialrapport.

Lærdal: Lærdal kommune styrer mot eit meirforbruk (underskot) på dryge 1,3 millionar kroner i 2017om ein legg prognose utifrå månadane januar - april til grunn.

Innanfor tenestene helse og tekniske tenester ligg det an til eit meirforbruk på dryge to millionar kroner totalt, av di vel 1,3 millionar kroner er på helse og vel 800 000 kroner på tekniske tenester.

Av saksutgreiinga går det fram at overforbruket på helse først og fremst går på stpr vikarbruk ved helsesenteret, og at overforbruket på teknisk i all hovudsak dreier seg om at grepa for å spara inn dei 750 000 kronene gruppa «Optimal organisering» skulle finna, ikkje er effektuert.

Les også: «Optimal organisering» har ikkje fungert optimalt

Monaleg mindreforbruk ved pleie og omsorg

Også oppvekst står oppført med eit meirforbruk på drygt ein halv million, men av saksutgreiinga går det fram at det her er inntekter som ikkje har kome med så det her eigentleg ser noko betre ut enn kva tala syner.

På den andre sida går Pleie og omsorg mot eit mindreforbruk (overskot) på vel halvannan million. Også for Sosiale tenester/NAV og dei folkevalde går det mot mindreforbruk på tilhøvesvis dryge 200 000 kroner og knappe 200 000 kroner.

Les også: Vedtok ombygging på bu- og omsorgsheimen

– Dersom ein legg dei endringane til grunn som vart lagt fram i saka om Optimal organisering, går ein i null, sa rådmann Alf Olsen jr. då 1. tertialrapport vart lagt fram for formannskapet tysdag.

Bekymra for bruk av utbyte og aukande gjeldsgrad

Også økonomiplanen 2018 - 2021 vart lagt fram for formannskapet. Økonomiplanen skal seia noko om den langsiktige økonomiske utviklinga i kommunen, og det som tydelegast syner att i planen er åtte millionar kroner i nedtak på drifta for pleie og omsorg frå 2017 til 2018 – grunna ombygginga ved Lærdal bu- og omsorgsheim.

– I tillegg var det eit nedtak på 5,1 millionar kroner frå i fjor til i år, så det blir tretten millionar kroner til saman og utgjer enno meir og enno fleire stillingar enn kva som vart lagt opp til gjennom ombygginga. Dette hadde vore greitt å få ei forklaring på, sa Kåre Mentz Lysne (Ap)

Nokre andre moment ved det 75 sider lange dokumentet vart diskutert, men planen vart vedteken som den låg føre.

Rådmann Olsen jr. hadde fleire bekymringar; at ein held fram å basera seg på utbyte frå Okken Kraft og Lærdal Energi til drifta i heile perioden – totalt 4,8 millionar kroner i år og neste år, så 5,8 millionar kroner i perioden 2019-2021.

Også at ein ikkje har pengar å setja av til organisasjonsutvikling, pluss den stadig aukande gjedsgraden bekymra rådmannen.

– Me har mål om å liggja på ein gjeldsgrad på rundt femti og no ligg me på rundt nitti. I løpet av året vil me passera hundre når me tek opp lån til ombygginga ved bu- og omsorgsheimen; ja, me kjem kanskje opp mot hundre og tjue. Og det er høgt, altså.

Til toppen