UNIK OPPLEVING: Folk frå mange verdshjørne strøymer til Flåmsbana som aldri før
UNIK OPPLEVING: Folk frå mange verdshjørne strøymer til Flåmsbana som aldri før (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Det går mot nytt rekordår for Flåmsbana og i år smakar det ekstra godt

For fyrste gong kjem mesteparten av passasjerarauken frå markant oppsving i lågsesongen.

Aurland: Når no godt og vel ni månader av året er omme, kan driftsleiar ved Flåmsbana, Sivert Bakk, melde om ein 6,1 prosent auke i passasjertalet så langt, jamført med det tidlegare rekordåret 2016. 

Ein viktig grunn til at passasjerveksten held fram, er auka bestillingar frå asiatiske land som Kina, India, Sør-Korea, Thailand, Singapore og Taiwan. 

I 2016 opplevde eit samla norsk reiseliv eit skikkeleg toppår, difor er Bakk ekstra nøgd med at Flåmsbana slår rekorden igjen. Men det er noko spesielt med årets rekord som særskildt gler Bakk: Dei kalde månadene utanfor sesongen står for mesteparten av passasjerauken.

I 2016 og tidlegare rekordår, har rekordane kome takka vere ein markant auke i turistflaumen i høgsesongmånadane. Men hittil i år er det lågsesongmånadene som står for heile 60 prosent av passasjerauken.

Og Bakk seier at utifrå bestillingane som har kome inn, so ser det ut til å verte markant passasjervekst også i årets tre siste mørketidsmånader.

– Eit resultat av langvarig marknadsføring

– Det er tjue år med langsiktig marknadsføring som no slår inn, fortel Bakk, men han vedgår at konjunkturane også spelar inn både for Flåmsbana og det norske reiselivet elles.

Han fortel at Flåmsbana målmedvite har promotert Flåmsbana som eit reisealternativ også utanfor dei lyse sommarmånadene.

– Turistane synest det er eksotisk med regn, snø og uvêr, om det ikkje vert alt for voldsomt, seier Bakk.

– Nye vogner på veg

I oktoberutgåva av «Aurlendingen» vart det meldt om at togvognene på Flåmsbana, som vart kjøpte inn i år 1999, skal fasast ut i år 2020. 

Dei gamle vognene vart pussa opp i fjor, men Bakk seier det berre var for å halde dei i fin stand ein siste fireårsperiode. Han seier det ikkje først og fremst er på grunn av den auka turistsraumen at dei skal kjøpe inn nye vogner, men fordi dei gamle vognene etter kvart har vorte so gamle.

– Vi er i ein fase der vi ser på ulike alternativ til nye vogner, seier Bakk, som ikkje utelukkar at dei nye vognene også kjem til å ha eit litt gammaldags preg, slik at dei ser flott ut på ei slik vakker togrute.

Til toppen