NÆRING I VEKST: Norske cruisehamner kan vente seg rekordbesøk i år. I Flåm er det venta 266.000 passasjerar, eller ei auke på 11 prosent frå i fjor. Foto: arkiv.

Går mot ny cruiserekord i 2017

Talet på cruiseturistar som vil besøkje Noreg blir truleg rekordhøgt i år. I Flåm er det venta ei auke på elleve prosent frå i fjor.

(NPK): Prognosane til marknadsføringsorganisasjonen Cruise Norway viser at Noreg i 2017 truleg vil få nær 1900 anløp frå cruiseskip med til saman 3.076.000 passasjerar, skriv Dagens Næringsliv.

Den førre rekorden var på 2.785.000 passasjerar og vart sett i 2013.

Sjølv om talet på anløp var høgare for nokre år sidan, vil passasjertalet likevel bli rekordhøgt då cruiseskipa blir stadig større. Talet på passasjerar blir så høgt som over tre millionar fordi passasjerane blir talde i kvar hamn, og deretter blir talet summert. 

I Flåm er det venta 266.000 passasjerar, eller ei auke på 11 prosent frå i fjor, ifølgje tala frå Cruise Norway som avisa referer til. Bergen er framleis den største cruisehamna i Noreg. Der er prognosen over ein halv million cruisepassasjerar til neste år. Tala forutset at alle skipa er fulle og at dei kjem som planlagt.

Ingen av dei store hamnene får nedgang frå i fjor, ifølgje prognosen.

Til toppen