FESTEN ER OVER: I fjor fekk Sogndal kommune eit overskot på 19,5 millionar kroner. I år går det mot 1,3 millionar i minus, sjølv om rådmannen trur dei greier å hente seg innatt før året er over. Foto: arkiv.
FESTEN ER OVER: I fjor fekk Sogndal kommune eit overskot på 19,5 millionar kroner. I år går det mot 1,3 millionar i minus, sjølv om rådmannen trur dei greier å hente seg innatt før året er over. Foto: arkiv. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Går mot raude tal, men rådmannen er ikkje uroa

Etter rekordoverskot i fjor, styrer sogndaløkonomien i år mot eit lite minus. – Vi vil greie å gå i balanse, forsikrar rådmannen.

Sogndal: Etter at den første tredelen av 2017 er omme ligg Sogndal kommune i løypa til å bruke fire millionar kroner meir på drift enn budsjettert, det viser årets første tertialrapport.

Størsteparten kjem av eit forventa meirforbruk på barnehage på 1,6 millionar kroner.

– Hovudforklaringa er at fleire barn skal ha plass i barnehagen enn det som låg til grunn i budsjett, sa rådmann Jostein Aanestad i orienteringa til kommunestyret torsdag.

Les også: Går mot eit overskot på 17 millionar kroner
Les også: Sogndal bruker av millionoverskotet på vegvedlikehald

Barnevernet er den eininga som kjem best ut i høve budsjettet, dei ser no ut til å bruke 820 000 mindre enn budsjettert.

Eit rimelegare lønsoppgjer enn forventa, samt mindre renteutgifter, høgare inntekter frå eigedomsskatt og høgare avkasting frå verdipapifond, gjer at den forventa sprekken er redusert til 1,3 millionar kroner totalt.

– Det er på alle måtar eit handterleg tal, så det er all grunn til å tru at vi vil greie å gå i balanse, eller betre enn det, når året slutt, sa rådmannen til kommunestyret torsdag.

Til toppen