GÅR GODT: Dagleg leiar på Tya Bakeri kan sjå tilbake på svært så gode opningsmånader for det ferske bakeriet i Øvre Årdal. Ho fortel til Porten.no at det gode salet også har heldt fram utover hausten. Foto: Siren B. Svortevik.

Går over all forventning med Tya Bakeri

Sambuarparet Linda Borlaug og Jan Rasmussen er svært så gilde over korleis det har gått med Tya Bakeri i Øvre Årdal.

Årdal: – Me er svært nøgde med sal og kundemasse sidan me opna 26. juni, seier dei til Porten.no.

Rett nok har det roa seg ned litt i haustsesongen, men det går unna framleis.

– I sommarsesongen gjekk det verkeleg unna her. På ein god dag kunne me selgja 300 brød og 1000 bollar blant anna. Dei mest populære bollane har utan tvil vore kanelfletter, og på andreplass kjem skulebollane, fortel dei ivrige eigarane.

TO JOBBAR: Jan Rasmussen (51) jobbar både for Årdal Plast og Tya Bakeri, men håpar og trur at alder og erfaring gjer at han ikkje møter "veggen", og veit kva han har gjeve seg i kast med
TO JOBBAR: Jan Rasmussen (51) jobbar både for Årdal Plast og Tya Bakeri, men håpar og trur at alder og erfaring gjer at han ikkje møter "veggen", og veit kva han har gjeve seg i kast med

Mange turistar i sommar

Dei er overraska over kor mange turistar som har nytta seg av lokala og kjøpt i fleng.

– Trass alt hadde me jo knapt fått marknadsført oss i starten, og det var lite informasjonsskilt for utanbygdingar å forhalda seg til. Men her trur me jungeltelegrafen har hjelpt oss.

– Turistar må ha spurd om ein plass dei kunne eta og drikka, og kjentsfolk i bygda må ha vist dei vegen til oss. I tillegg har nok andre som på Turtagrø Hotel og Lom Bakeri til dømes, sagt at dei må ta turen innom oss når reisande har fortald at dei skulle til Årdal.

– Det er rett og slett andre som har reklamert for oss, og dette har jo vore supert, så stor takk til alle desse, smiler Jan.

At lokalet ligg i midt i gågata i Øvre Årdal, har nok også gjort sitt at staden har vore synleg for tilreisande.

Artikkelen held fram under biletet.

GOD SERVICE: Ingrid Valsvik (23), er blant dei som jobbar for Tya Bakeri. Ho er blant dei mange tilsette som har fått mykje skryt. Ikkje så rart, då ho var lærling i serveringsfaget for for tre år sidan, vart ho kåra til meister i NM i  dette faget.

Mange på lønningslista

I sommar hadde Tya bakeri 14 personar på lønningslista. I haust er det 8-10 personar som er tilsette, men då ikkje ikkje alle i full stilling. 

Bakar og konditor Gro Holmen jobbar 100 prosent framleis og sørgjer for fersk bakst kvar einaste dag.

– Etterkvart har me no utvida mattilbodet i disken med andre ferskvarer som kaker, påsmurde baguettar og focaccia både med og uten pålegg. Det har blitt veldig populært, kanskje som lunsj for einskilde.  Også dei ulike kaffisortane me sel, har fått mykje skryt, seier dei.

Rosar dei ferske nytilsette

Eigarane vil gjerne rosa alle som har jobba på bakeriet frå start av.

– Dei har gjort ein svært god jobb. Trass alt har dei hatt mange ulike arbeidsoppgåver i tillegg til å yta god service. Dei har hatt nok å henga fingrane i, og mange er  trass alt nybyrjarar. Men me har fått mange gode tilbakemeldingar om desse også, smiler Linda og Jan.

Artikkelen held fram under biletet.

GÅR UNNA: I sommar selde Tya Bakeri 1000 bollar og 300 brød for dagen. No sel dei 100 brød kvar dag, og håpar på litt fleire kundar
GÅR UNNA: I sommar selde Tya Bakeri 1000 bollar og 300 brød for dagen. No sel dei 100 brød kvar dag, og håpar på litt fleire kundar

Kvardagen er komen

– Men no er hausten og «kvardagen» komen. Har interessa minska særleg mykje?

– Sjølvsagt litt. Men det hadde me rekna med. I desse dagar sel me rundt 100 brød kvar dag, det er ikkje dårleg det altså, men det hadde sjølvsagt vore fint om me selde litt meir, seier Jan Rasmussen, som legg til at særleg dei ferske napoleonskakene og ostekakene har gjeve ein oppsving i salet.

Og dei set stor pris på dei faste kundande frå Årdal.

– I sommar selde de litt varme rettar også. Gjer de det framleis?

– Me hadde ein dansk kokk her i sommar som blant anna tok seg ein del av dette. Han jobbar ikkje her lenger no, då etterspurnaden har gått ned på haustparten. Difor er det no slik at om folk ønskjer denne typen servering på ettermiddag og kveldstid, må dei bestilla ein dag eller to på på førehand. Det kan gjelda til dømes om ein liten gjeng vil samla seg med litt mat som spareribs, kyllingsalatar og pizza, i tillegg til drikke. Men det er på inga måte noko problem for oss å få ordna dette.

Artikkelen held fram under biletet.

12 ULIKE TAPPEKRANAR MED ØL: Jan Rasmussen seier at Utla Bakeri og Tya Bryggeri no har kome opp i 12 ulike ølsortar i tappekraner i tillegg til flasker. - Me i Tya Bakeri kjøper øl frå Tya Bryggeri og sel dette her i lokalet, det er  Arnt Erik Erik Henjum og Tom Hellebø som eig Tya Bryggeri, seier han.

Puben berre stengd berre søndag og måndag kveld

Sjølve bakeri-delen stengjer på ettermiddagen på kvardagane og litt tidlegare laurdagar. Heile lokalet held stengt kvar søndag og måndag kveld. På sommarsesongen er planen å halda ope pub-delen også søndagar.

– Elles har me ope i puben til klokka 02.00 kvar kveld, og det er alltid folk her i lokalet. Somme tider er det så fullt her, at me ikkje kan sleppa inn fleire, seier Rasmussen.

Han fortel at det særleg er mykje folk i helgane, samt tysdagskveldane, då mange som jobbar skift på Hydro blant anna, startar langhelga med ei samling i puben på kveldstid her.

Opnar for kveldar med vaksnare aldersgrupper

Rasmussen seier at dei har tankar om å halda ope  i puben berre for vaksne einskilde kveldar.

– Ikkje eitt vondt ord om ungdomar mellom 18 og 25 år, men det er rart med det. Me har fått attendemeldingar om at vaksne ønskjer at det skal vera ei litt eldre aldersgrensa her av og til, smiler han.

I dag er plass til rundt 60 gjester som kan sitja inne. Deleigarene vil understreka at dei difor no har fått plassert både markiser, varmelamper og pledd ute, slik at folk kan sitja der utan å frysa eller bli blaute.

– Men klart det kan bli eit lite problem når desse må inn ved midnatt ifølgje reglane me må følgja. Er det fullt, så er det det fullt diverre.

Artikkelen held fram under biletet.

ALDRI TOMT: Det er aldri tomt i lokala til Tya Bakeri, som har hovedansvaret når det gjeld sal i desse lokala i Øvre. Andre etasje skal bli ferdig i løpet av slutten av oktober, då det ofte blir fullt i lokala nede tysdagar, fredagar og laurdag kveld. Bilete er teke på dagtid.

Opnar andre etasje i oktober

– De driv og pussar opp i andre etasje, slik at det blir plass til fleire. Når om lag trur de dette lokalet er klart til bruk?

– Me er godt i gong, snart ferdige faktisk. Me trur me skal klara å opna dette for gjester i slutten av oktober. Der skal det vera plass til rundt 60-70 gjester. I utgangspunktet hadde me tenkt at andre etasje berre skulle vera for lukka lag som hadde bestilt på førehand, men i og med at det så mange som vil bruka oss, ser det ut som om me vil opna for alle på kveldar når det mykje folk.

– Kan grupper eller trubadurar spela for publikum i lokala?

– Me har ikkje laga til noko scene for desse, men me ser berre positvt på om nokon vil spela her av og til likevel. Dei finn nok ut av det ein eller anna plass i lokalet.

JOBBAR MYKJE: - Arbeidsdagane mine er no er 12-14 timar i starten, men det var eg klar over, smiler dagleg leiar, Linda Borlaug, som fortel at ho får god hjelp både av foreldre, svigerforeldre og begge sønene.

Sel drikkevarer for Tya Bryggeri

Jan Rasmussen og Linda Borlaug sel blant anna øl og andre drikkevarer for Tya Bryggeri i cafè- og pub-lokala.

– Me vil understreka at det er Arnt Erik Henjum og Tom Hellebø som eig og driv Tya Bryggeri.  Tya Bakeri kjøper varer hjå desse på lik line som alle andre, og sel dette i lokala til Tya Bakeri. Henjum og Hellebø sel til fleire enn oss, seier Rasmussen, som påpeikar at alle samarbeidar godt.

12 sortar tappeøl

Han seier at dei no er oppe i å selja tolv sortar tappeøl i tillegg til flasker i Tya Bakeri både på dagtid og kveldstisd.  Nokre av ølsortane er laga i dette lokalet, andre er henta frå andre stader.

– Går også dette salet bra for dykk som driftarar på Tya Bakeri?

– Ja, veldig bra, omsetnaden i baren er me særs godt nøgde med for vår del, smiler dei Rasmussen og Borlaug. 

Til toppen