STYRKING: Bak f.v.: Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Kjell Sandnes, administrerande direktør i Sparebankstiftinga. Framme f.v.: Ingunn Nyheim, prosjektleiar Huset i Bygda. Guro Høyvik, rådgjevar i fylkeskommunen. Foto: Inger Marie Lien/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
STYRKING: Bak f.v.: Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Kjell Sandnes, administrerande direktør i Sparebankstiftinga. Framme f.v.: Ingunn Nyheim, prosjektleiar Huset i Bygda. Guro Høyvik, rådgjevar i fylkeskommunen. Foto: Inger Marie Lien/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Går saman for å styrke kulturbygga i fylket

Frå i år får dei organisasjonseigde kulturbygga i fylket fleire moglegheiter til å søkje om midlar til ombygging, modernisering og utvikling.

Årdal/Lærdal: No går Huset i bygda, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune saman for å løfte og styrke dei over 400 organisasjonseigde kulturbygga i fylket.

Desse lokale bygga er viktige møteplassar, der alle generasjonar samlast til sosialt samvere og variert aktivitet. Behovet for modernisering, rehabilitering og ombygging er stort for mange av desse bygga.

Det gjeld alt frå tilrettelegging og tilgang for alle. Det er også stor trong for ENØK-tiltak som utskifting av trekkfulle vindauge og gamle dører, betre isolering og nytt tak. Dette arbeidet er veldig kostnadskrevjande og krev stor innsats på dugnad frå eigarar og lokalsamfunnet.

500 000 kroner

Gjennom tilskotsordninga «desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg» fekk sju organisasjonseigde kulturbygg over tre millionar til nybygg, ombygging, rehabilitering og modernisering i 2015. Truleg vil det ligge rundt tre millionar kroner klar for søkjarar til spelemidlar også i 2016 seier fylkesdirektør for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Ingebjørg Erikstad.

Pål Fidjestøl, kultursjef i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, tok initiativ til dette felles løftet.

– Styret i Sparebankstiftinga står samla bak ei satsing på dei lokale kulturbygga, og vil bidra med cirka 500 000 kr til opprusting og vedlikehald av lokale kulturbygg i 2016, seier han.  

Glad for felles satsing

Prosjektleiar for Huset i bygda, Ingunn Nyheim, har i mange år arbeidd for styrking av kulturbygga.

– Me er svært glad for denne felles satsinga på dei små kulturbygga. At viktige aktørar som fylkeskommunen og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser verdien av bygga, aktiviteten og verdiskapinga som skjer der, er svært gledeleg.

Dei tre aktørane vil samordne søknadsfristane og handsaminga av søknadane. Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Ingunn Nyheim, som avsluttar med denne beskjeden til eigarar av lokale kulturbygg:

– Me vil oppmode flest mogleg kulturbygg om å nytte denne sjansen og søkje midlar hos begge tilskotsgivarane. Me ønskjer mange søknader, slik at me får vist at behovet er stort for midlar til opprusting, rehabilitering og utvikling av lokale kulturbygg.

Til toppen