BLIR TIL EIN: Desse partane er no klare for samanslåing. Frå venstre: dagleg leiar i Balestrand Industrier Gunnar Vervik, styreleiar Vik Asvo Frode Valsvik, styreleiar i Balestrand Industrier Kai Lille-Homb, styreleiar i Sogneprodukt Stig Roar Hovland. Framme: dagleg leiar i Sogneprodukt Ragnhild Fjærestad. (Dagleg leiar i Vik Asvo, Audun Haugshagen, var ikkje til stades). Foto: pressefoto.

Går saman om å hjelpe alle i arbeid

Sogneprodukt, Vik Asvo og Balestrand Industrier slår seg saman.

Dei tre fusjonspartnarane er alle verksemd som tilbyr jobbar for dei som av ulike årsaker har vanskar med å konkurre i det ordinære arbeidslivet.

I ei pressemelding skriv dei at målet er å bli ei enno meir slagkraftig arbeids- og inkluderingsbedrift i Sogn til det beste for brukarane og eigarane. Fusjonen vert formelt gjeldande frå 1. januar 2018, men arbeidet med samanslåinga vil pågå utover året. 

Bedriftene er arbeidsmarknadsbedrifter og har såleis ikkje lov til å gje utbytte.

Til toppen