Høyanger: Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett er engasjerte for å gå opp grensene mellom grunneigarane i Høyangerfjella der Fred. Olsen Renewables har planar om vindkraftverk. Det er gardane i Høyanger tettstad, Håland, Sæbø og Dale, som har kravd saka, skriv Firda.
Dette er trass i at Høyanger kommune har sagt nei til vindkraft i fjella.
– Eg forstår det slik at det er Fred. Olsen som betaler for det. Det er det som har vore vanleg i slike saker, at vindkraftselskapa betaler, seier jordskiftedommar Kåre Jostein Håland ved Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett til Firda.
Fred. Olsen Renewables sende i september oppstartsmelding for Høyangerfjell vindrakftverk til NVE. Kommunestyret bad same månad vindkraftselskapet om å trekkje meldinga.
Selskapet søkte også i haust kommunen om dispensasjon til å installere vindmålar i fjellet, noko politikarane avslo. Fred. Olsen har klaga på vedtaket. I tillegg har dei også søkt tidlegare Gaular kommune, no Sunnfjord, om å setje opp vindmålar på deira side av kommunegrensa.
Ein grenseoppgang er naudsynt for å kunne byggje vindmøller.
– Det som har vore gjort i liknande tilfelle, som der vindparkane blir bygd i Kinn og Bremanger, er at jordskifteretten har hatt både grensegang og det vi kallar rettsutgreiing, der vi har gått opp grensene i fjellet, samt fastsett kor stor prosentdel dei enkelte bruk har i sameige, seier jordskiftedommar Kåre Jostein Håland til Firda.