Her er raset på sitt breiaste, omtrent 60 meter nedanfor stølen Odden.
Her er raset på sitt breiaste, omtrent 60 meter nedanfor stølen Odden. (Foto: Roger Jensen)

Historisk gard i Årdal nær teken av enormt ras

Eit ras på over ein kilometer og 60 meter breitt har rasa ned fjellsidene mot den historiske garden Haugstad i Nundalen.

Årdal: – Me trur raset har gått tidleg i veka som var. Vatnet har pressa seg ut av morenemassen ved stølen Odden og løyst ut eit ras som har tippa over kanten. Raset er stort og har sigla over ein kilometer nedover fjellsidene, seier Roger Jensen.

Han er med i Stiftinga Nundalen, og er på staden no for å sjekke ut kva som har skjedd med raset.

Flaks at ingen hus blei tekne

Raset har stoppa berre 50 meter frå garden. Foto: Roger Jensen

– No skal me til å gå nedover langs raset, men me veit ikkje noko om dyr er tekne endå. Då ligg dei i så fall under store mengdar med stein og jord. Det er berre flaks at raset ikkje har treft garden eller husa kring. Hadde det gått litt meir til venstre mot Øvre Årdal trur eg det hadde vore meir farleg, men heldigvis har det gått rett ned, seier Jensen.

Cirka 150 meter nedanfor stølen der raset har byrja er raset 60 meter på det breiaste. Det har stoppa like før det nådde garden.

– Raset har gått klar garden med 50 meter. Haugstad gard er eit kulturminne så det er bra raset ikkje har teke garden eller gjort skade på området kring, seier Jensen.  

Til toppen