BIDROG MED PENGAR: Hydro-bedriftene i Årdal har bidrege med 100.000 kroner til årets TV-aksjon. Wenche Eldegard (t.v.) og Anneli Nesteng (t.h.) overrekte sjekken til aksjonsleiar Sandra Opheim. 
BIDROG MED PENGAR: Hydro-bedriftene i Årdal har bidrege med 100.000 kroner til årets TV-aksjon. Wenche Eldegard (t.v.) og Anneli Nesteng (t.h.) overrekte sjekken til aksjonsleiar Sandra Opheim. 

Gav 100.000 kroner til TV-aksjon

Hydro-bedriften bidreg med 100.000 kroner til årets TV-aksjon. 

Årdal: Årets TV-aksjon går av stabelen komande søndag, og som tidlegare, gir Hydro pengar til aksjonen. For Årdals del er det snakk om 100.000 kroner. 

Tysdag vart sjekken overrekt av Wenche Eldegard og Anneli Nesteng til aksjonsleiar Sandra Opheim. 

– Me har det i verdiane våre at me skal bidra til livskraftige samfunn, og i den overordna strategien at me ønskjer å ta samfunnsansvar. Då er TV-aksjonen ein fin plass å bidra. Samstundes vil me oppfordre alle våre tilsette til å bidra eller stille opp som bøsseberarar, seier Wenche Eldegard. 

Opheim takka naturlegvis for pengane. Saman med resten av aksjonskomiteen tok ho imot sjekken. 

– Krig har stor ringverknad. Her i Årdal har me asylsøkjarar og flyktningar som er råka av krig, og eg trur også fleire av desse vil bidra i aksjonen på søndag. Dette er jo verdas største dugnad, så det er noko spesielt og fint å vera med på. 

I år går midlane til Røde Kors sitt arbeid i landa Syria, Libanon, Sør-Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras. Pengane skal òg gå til å hjelpe flyktningar som har kome til Noreg.

Målet er at over to millionar menneske skal få livsviktig helsehjelp, medisinar, reint vatn og mat.

I Årdal er det totalt 83 roder, og per tysdag er det berre 43 av desse rodene som er dekt. Difor nytta dei sjansen til å oppmode så mange som mogleg om å melde seg som bøsseberarar. 

– Me må sjølvsagt forsøke å slå fjorårets resultat, smiler Eldegard. 

Til toppen