DELTE UT: Formannskapet i Lærdal delte torsdag ut nesten ein million kroner til ymse tiltak og prosjekt innanfor segmenta næringsliv, kultur og natur/reisleiv. Foto: Ole Ramshus Sælthun
DELTE UT: Formannskapet i Lærdal delte torsdag ut nesten ein million kroner til ymse tiltak og prosjekt innanfor segmenta næringsliv, kultur og natur/reisleiv. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Gav ein million til næring, forsking, kultur og natur

Formannskapet opna opp lommeboka dei har i form av nærings- og konsesjonsfondet, og gav pengar til mellom andre Ecoinowaste, Byggmakker, kongevegprosjektet og prosjektet "Levande lokale". 

Lærdal: Ecoinowaste AS, selskapet som er skipa i samband med den planlagde pelletsfabrikken på Håbakken søkte om eit tilskot på 100 000 kroner til gjennomføring av ei arbeidspakke i eit forskingsprosjekt, der Vestlandsforskning er leigd inn for å leie og i hovudsak gjennomføre prosjektet.

Formannskapet i Lærdal vedtok torsdag å innvilga søknaden fullt oig heilt med 100 000 kroner frå nærings- og konsesjonsfondet.

- Skuleeksempel

Hermann Andersen AS søkte om eit tilskot på 900 000 kroner til prosjektering, planlegging, investeringar og marknadsaktivitetar i samband med utvikling av eit fullverdig Byggmakkerkonsept i det eine bygget på Lerum-anlegget på Grandane. 

- Det er eit skuleekselpem på korleis pengar frå nærings- og konsesjonsfondet skal brukast. Eg  vil gje skryt til Andersen for å satsa i Lærdal, med tanke på ein regional marknad, sa gruppeleiar i Ap, Kåre Mentz Lysne.

Formannskapet vedtok å gje Herman Andersen AS to tredeler av den omsøkte summen, altså 600 000 kroner.

Kongevegbedrifter Filefjell SA hadde søkt om totalt 190 000 kroner til kompetanseutvikling, utvikling av visuell profil og nettside. Formannskapet gav litt over halvparten av den omsøkte summen, det vil seia 100 000 kroner.

- Evalueringa til slutt blir veldig viktig

Prosjektet "Levande lokale" hadde søkt om totalt 175 000 kroner til kampetansetiltak, materiell og prosjektet "Artist in Residence". Formannskapet vedtok å gi heile den omsøkte summen.

Visit Sognefjord har søkt alle kommunar i regionen om stønad på 9 500 kroner til produksjon av eit vandrekart. Formannskapet vedtok å gi den omsøkte summen.

- Ein kan jo spørja seg kor mykje pengar me eigentleg deler ut frå dette fondet og kva dei blir brukte til - for me er heldige som har nærings- og konsesjonsavgiftsfond. Ikkje alle har det. Spørsmålet er kva ein oppnår, så evalueringa til slutt blir veldig viktig, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) då dei 984 500 kronene var vedtekne utdelt.

Til toppen