KAOS TIL ORDEN: Barnekleda er no samla på eitt eige rom på Doktorheimen. Frøydis Helland, som tok initiativ til dugnaden, seier at kleda ikkje nødvendigvis berre skal gå til flyktningar i kommunen, men er eit lager for dei som treng dei. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gav folk ein sjanse til å hjelpa

Frøydis Helland tykkjer det er rørande korleis folk stilte opp på dugnaden for flyktningar i Lærdal måndag kveld, då ho veit at slike initiativ kan slå begge vegar. 

Lærdal: I fleirbruks- og aktivitetshuset "Doktorheimen" på Lærdalsøyri manglar det ikkje på initiativ eller engasjement. Måndag kveld hadde Frøydis Helland, som jobbar i psykiatritenesta i kommunen, men denne gongen i rolla som frivillig, teke initiativ til dugnad og innsamling av varme klede til flyktningar i tillegg til å organisere og sortere det som var att etter storbrannen.

– Vil gi folk ei moglegheit til å hjelpa

– Me hadde at både klede, utstyr og gåver etter brannen. Alt vart berre stuva opp på loftet i Doktorheimen. Så når ein flyktning kjem for å spørje etter til dømes ei varm vinterjakke eller varme barneklede, så veit eg at det finst i ein eller annan pappask der oppe, men ikkje akkurat kvar. No ville eg ha hjelp til å organisere det som finst i tillegg til at me hadde behov for å få inn nokre fleire gode vinterklede i visse storleikar til flyktningane, fortel Helland. 

Artikkelen held fram under biletet

I ALLE FASONGAR: Frøydis Helland syner fram hylla med sko som inneheld alt frå nye (og dyre) joggesko, vintersko til finsko. Ho jobbar med psykiatri i kommunen og mellom anna på dagtilbodet som held til på Doktorheimen, men denne kvelden er ho der på eiget initiativ som frivillig.

Helland hadde først sendt ut ein epost innad i kommunen, utan at ho fekk særleg respons. Så la ho ut ei melding om innsamling og dugnad for flyktningane i Lærdal på Facebook, der responsen var ein heilt annan. 

– Eg ville at folk sjølv skulle eiga denne dugnaden og at innbyggarane skulle få kjenna på det å hjelpa til. Lærdal kommune har teke imot 16 flyktningar, og dei vil ta imot mange fleire. Det er mykje for ein liten kommune og me er nødd å hjelpa til også på grassrotnivå, fortel ho. 

Les også: – Det er ei krise. Me har eit ansvar og må brette opp ermene

Frå rot til nytte

Og hjalp til gjorde folka som møtte opp. Alt frå å koke kaffi, levere klede til å rydde og organisere mengda på loftet. Gjennom dei tre timane arrangementet stod på var det ein jamn tilstrauming av hjelparar. 

– Dette har verkeleg vore nokre givande timar. Det har gått frå tre roterom med haugar av klede, sko og pappaskar til oversikt og orden. Her er det mange skattar, som me veit det vil bli bruk for. Me har jo sett tidlegare at det kjem til nytte, det er jo litt av vitsen, seier Helland. 

Artikkelen held fram under biletet

SYSTEMATISERT: Kleda har no fått ein eigen plass på loftet, slik at det skal vera lett å finne akkurat den skatten som ein er ute etter å finne.
SYSTEMATISERT: Kleda har no fått ein eigen plass på loftet, slik at det skal vera lett å finne akkurat den skatten som ein er ute etter å finne.

Og med skattar meiner ho alt frå nye vintersko, ein ny boblejakke innpakka i plast og fine strikkaplagg i ull til barn. Tidlegare på dagen hadde Helland også vore rundt for å skaffe trekasser og kleshengarar, for å få til eit system i rotet. No ligg kleda etter storleik og type plagg oversiktleg og ryddig på det gamle loftet, slik at det er lett å finne fram til folk som spør. 

– Det er mange moglegheiter og heilt kva ein skal gjere med alt som finst her oppe, grublar eg på enno. Det kjem etterkvart. No var hovudsaken å få orden her oppe. Men det er framleis ein jobb i gjera, så det er berre å ta kontakt om du vil bidra. Alt handlar jo ikkje om å berre gi klede til flyktningar, men å ta vare på dei som har komen og kjem hit, seier Helland. 

Les også: Kartlegger innkvarteringsstader for flyktningar

Til toppen