TRE MOT TO: Medan Kåre Mentz Lysne (Ap) og Trond Øyen Einemo (den andre med handa i vêret) på prinispielt grunnlag stemde mot at Ljøsne skule  skulle få 6 000 kroner
TRE MOT TO: Medan Kåre Mentz Lysne (Ap) og Trond Øyen Einemo (den andre med handa i vêret) på prinispielt grunnlag stemde mot at Ljøsne skule  skulle få 6 000 kroner

Gav pengar til skulefest etter prinsippdebatt​

Nokre var prinsippfaste, andre meinte prinsipp ved visse høve må brytast då formannskapet i Lærdal diskuterte om dei skulle gje tilslag på tre søknader om stønad frå Næringsfondet.

Lærdal: - Det er snakk om fleire prinsipp her, og eg er prinsipielt mot fyrverkeri; fyrverkeri meiner eg er sløsing med pengar. Så er dette i utgangspunktet ein søknad om fyrverkeri, medan tilrådinga går ut på at ein skal gje stønad til ein fest. Og det er ikkje slike ting næringsfondet er meint å brukast til, sa Kåre Mentz Lysne (Ap) i formannskapet onsdag.

Saka gjaldt elevrådet på Ljøsne skule sin søknad om stønad til fyrverkeri til avslutningsfesten sin, i samband med at skulen blir lagt ned etter endt skuleår.

Annike Vanberg (SV) tykte Lysne framstod som festbrems.

- Her meiner eg me må vika prinsippa; i staden for å gråta for at skulen blir nedlagd, kan elevane få seg ein fest.

- Går an å ha det litt ekstra gøy sjølv om skulen blir lagt ned

Ordførar Jan Geir Solheim var også meir feststemt enn gruppeleiaren i Ap:

- Eg likar tilnærminga. Kanskje er ikkje fyrverkeri det rette, men ein skikkeleg fest med schwung kan dei få. Dessutan er det ei god tilråding frå rådmannen, var hans svar til Vanberg sin kommentar.

Rådmannen si tilråding var at det skulle løyvast 6 000 kroner frå næringsfondet, som elevane kunne nytta fritt i samband med festen.

Trond Øyen Einemo (H) meinte også det var feil at ein skulle ta pengar av næringsfondet og på den måten omgå dei løyvde budsjetta, så hans innstilling var av det mindre festlege slaget.

- Viss dei vil ha seg ein fest, så finn dei nok pengane til det blant eigne midlar.

Kåre Mentz Lysne hadde vore prinsippfast debatt gjennom, og heldt den linja.

- Å feira at ein skule blir lagt ned, smakar ikkje godt, det heller.

Med det pådrog han seg ein kommentar frå Vanberg:

-  Skulen feirar jo ikkje at den blir legg ned, men det går an å ha det litt ekstra gøy fordi om.

Prinsippfast med visse unntak

Gruppeleiar i Senterpartiet, Gro Starheimsæther, streka under at ho vanlegvis var prinsippfast. Men ikkje i denne saka.

- Prinsipielt er eg einig med Lysne, men ikkje akkurat denne gongen. Gode prinsipp må brytast av og til.

Framlegget hennar gjekk ut på å ta dei 6 000 kronene frå disposisjonsfondet i staden for næringsfondet, men at rådmannen si tilråding elles vart fulgd. Slik vart også vedtaket med Senterpartiet sine to og SV si eine stemme, mot Ap og Høgre sine totalt to stemmer

- Det har allereie vore to dissenssaker, kjem den tredje no? spurde Solheim.

For då hadde formannskapet alt avslege søknaden frå Kirkens SOS i Bjørgvin sin søknad om driftsstønad på 6 477 kroner på prinispielt grunnlag, der Vanberg (SV) vart åleine om å stemma for at formannskapet gav tilslag på søknaden.

Også Lærdalsøyri skule sin søknad om stønad på 30 000 kroner til venskapsveka vart avslegen, dette var samrøystes.

Til toppen