VIKTIGE PENGAR: Aldersbestemt fotball i Lærdal, Aurland og Jotun fekk utdelt 40.000 kroner av overskotet frå Veterancupen. Dette er viktige kroner som er øyremerka aldersbestemt fotball. Foto: Privat.
VIKTIGE PENGAR: Aldersbestemt fotball i Lærdal, Aurland og Jotun fekk utdelt 40.000 kroner av overskotet frå Veterancupen. Dette er viktige kroner som er øyremerka aldersbestemt fotball. Foto: Privat.

Gav tilbake til dei unge

Det er blitt ein tradisjon, men pengane idrettslaga får inn frå Veterancup er like viktig kvart år.

Lærdal: Det har vore ein tradisjon at Veterancupen gir overskotet tilbake til Lærdal IL, Aurland IL og IL Jotun. Desse tre klubbane bidreg med mange dugnadstimar i samband med Veterancupen.

Det får dei att for når overskotet etter turneringa er talt opp. I år er den summen på 40.000 kroner.

– Me må gi noko tilbake også. Aldersbestemt er framtida, så her må me vere med og bidra. Det er riktig å bruke pengar på framtida, seier leiar for fotballgruppa i Lærdal IL, Jan Tore Stølen.

Saman med Trond Mjøs og Bjørn Øvstetun tok dei imot sjekken på 40.000 kroner laurdag. 

Pengane er øyremerka aldersbestemt fotball i dei ulike idrettslaga. Då går det i utstyr og til turneringar som dei deltek på. 

– Alt ein får inn til idrettslaget og fotballgruppa er like viktig. Anten det er 1000 kroner eller 40.000 kroner, eller kva det måtte vere. Me er veldig avhengig av det, seier Stølen.

Til toppen