BOK: Anlegget i Indre Ofredalen har fått si eiga bok. Her finn ein dokumentasjon, bilete og historier om den uslepne diamanten. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
BOK: Anlegget i Indre Ofredalen har fått si eiga bok. Her finn ein dokumentasjon, bilete og historier om den uslepne diamanten. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Gav ut bok om perla i Ofredalen

– Folk ringer og vil ha tak i boka.

Årdal: Anlegget «Ne' fø' sjøen» i Ofredalen har hatt ei utrulig reise dei siste åra. Frå å vere eit nærast falleferdig og gløymt anlegg, er det no blitt ein viktig del, ei perle, i reiselivssatsinga til kommunen.

Det kan ein takke ivrige eldsjeler for, som har stått på og tilbragt haugevis med dugnadstimar.

– Utviklinga har vore heilt enorm. Me byrja å jobbe der for første gong for tre år sidan. Me maste litt på kommunen, men fekk ikkje respons, men etter kvart kom kommunen på bana. Sidan har det berre balla på seg, smiler Harald Thune. 

Mange har ringt etter boka

No har perla i Ofredalen også fått ei eiga bok. Boka vart slept fredag, noko mange årdøler fekk med seg. Sidan er det fleire som har ringt og vil ha tak i boka, som er skriven av Hans Jakob Hansteen, tidlegare byantikvar i Oslo.

Artikkelen held fram under biletet.

BOKSLEPP: Fredag var Hans Jakob Hansteen på plass i Årdal for å vere med på utgivinga av boka om anlegget i Indre Ofredalen.
BOKSLEPP: Fredag var Hans Jakob Hansteen på plass i Årdal for å vere med på utgivinga av boka om anlegget i Indre Ofredalen.

– Han var her på 80-talet og jobba med anlegget her i nokre år før han kom tilbake på byrjinga av 2000-talet, fortel Thune.

Viktig dokumentasjon

Hansteen tok i 1989 iniativet til å danne NOV – samarbeidsgruppe i bygnings- og kulturminnevern. Boka omhandlar mellom anna prosjektet som er gjort i Indre Ofredal på vern av kulturminne. 

– Han hadde med seg skuleelevar frå Trondheim og Bergen som gjekk gjennom bygningane og laga dokumentasjonar som me får god nytte av i dag. I tillegg er det masse fine bilete i boka, samt forteljingar og historier om Ofredalen og at det var her rådhuset låg først i Årdal, seier Thune.

– Dette er viktig dokumentasjon å ha, særleg at andre får sjå kva som er der ute. Dokumentasjonen finst jo hjå kommunen og fylkesarkiv, men der ikkje alle som leitar der. Så dette kan skuleelvar i Årdal også bruke som verktøy til å lære meir om anlegget der ute, legg han til.

Godt besøkt i sommar

Dei har allereie seld bra med bøker, og folk ringjer frå både nabokommunane og Valdres for å få hand om boka. Thune seier folk gjerne må ringe og spørje etter boka. 

Artikkelen held fram under biletet.

DUGNAD: Harald Thune er ein av fleire som har lagt ned enorme mengder dugnadstimar på anlegget dei siste åra.
DUGNAD: Harald Thune er ein av fleire som har lagt ned enorme mengder dugnadstimar på anlegget dei siste åra.

Etter at dugnadarbeidet starta opp for nokre år tilbake, har ein gradvis byrja å få folk til opne augo for denne perla. No vil ho definitivt ta sin plass i reiselivssatsinga som kommunen er inne i. 

– I sommar rakk me ikkje over alt me skulle gjera av dugnad fordi det var så mykje folk der. Mellom anna var det 300 der samstundes under Nasjonalparkfestivalen, fortel Thune.

Spennande planar for framtida

Det har vore mykje restaurering av bygningsmasse, og planane i framtida er spennande, faktisk så spennande at det er mykje han ikkje kan fortelje enno.

– Me har ein del prosjekt på gang som startar no desember mellom anna, men det har litt med vêr og føre. Me har snakka med Bilelaget frå Jølster som skal starte på saga, og det har kome inn ein del midlar som me må bruke. Elles held me på med kaiane. Det er litt kjipt no som det er snø, for då kjem me ikkje oss alltid ned. 

Når året dreg seg mot sommar att, ventar fleire aktivitetar. Nokre ventar dei på svar på før dei kan starte opp. Mellom anna er det snakk om kurs innanfor kunst og handverk, som karring og farging av ull. 

Til toppen