DOBLING: På fire år har talet på kje som blir slakta til mat i staden for berre kasta dobla seg. Illustrasjonsfoto
DOBLING: På fire år har talet på kje som blir slakta til mat i staden for berre kasta dobla seg. Illustrasjonsfoto

Geit på fleire fat

Stadig fleire geitekje endar opp på middagsbordet, men framleis blir svært mange nyfødde kje avliva i staden for å bli brukt til mat.

I fjor blei det slakta rundt 15 000 kje. Det er nesten ei dobling viss ein samanliknar med slaktetala for berre fire år tilbake i tid, opplyser medlemsorganisasjonen for saue- og geitehaldarar Norsk Sau og Geit. NRK Forbrukerinspektørene (FBI) rettar søkjelyset på at mange nyfødde kje blir avliva rett etter fødselen i staden for å bli fôra opp og brukte til mat.

– Norsk Sau og Geit (NSG) er glad for at NRK på denne måten set søkjelys på ei viktig utfordring for småfenæringa. For sjølv om det blir slakta og selt 15 000 kje, blir det avliva endå fleire. Først og fremst er dette eit etisk problem; geitebøndene er like fortvila som andre. Avlivinga er ein jobb dei helst skulle vore  forutan, men drektigheit og kjefødsel er som kjent ein  føresetnad for mjølkeproduksjon, som er ei viktig og lønnsam næring for 290 geitebønder i fjord- og fjellbygder over heile landet, seier Ole G. Hertzenberg i NSG.

Les også: Livlege kje og sart mekring i geitefjøsen

Historisk sett har geitemjølk alltid vore hovudproduktet, kjøtet eit biprodukt. Lønsemda i geitemjølk er derfor langt betre enn i kjekjøt. Norsk Sau og Geit håpar fleire forbrukarar no vil etterspørje kjøtet og viser til at Nortura allereie har planlagt eit samarbeid med enkelte daglegvarekjeder om salskampanjar på kjekjøt.

Til toppen