NY LEIAR: Roy Andre Nytun Bergerud tok over som ny leiar for ÅTIL etter Johnny Svåi. ​Foto: Camilla Skjær Brugrand
NY LEIAR: Roy Andre Nytun Bergerud tok over som ny leiar for ÅTIL etter Johnny Svåi. ​Foto: Camilla Skjær Brugrand

Generasjonsskifte i ÅTIL 

Under åretsmøte i Årdalstangen Idrettslag tok Roy Andre Nytun Bergerud stafettpinnen frå tidlegare leiar Johnny Svåi. 

Johnny Svåi er avtroppande med fem år som leiar i ÅTIL. 

Eg har vell brukt mellom 600 g 700 timar i året på idrettslaget. Det blir litt merkeleg å gje seg, men eg skal nok få nok å finna på, seier Svåi. 

Tenka nytt

Påtroppande leiar, Bergerud, har store planar for ÅTIL, men ønskjer ikkje å gå nærare innpå kva før han har snakka med dei ulike gruppene. 

No tek ein yngre garde over og nye idear vil komme. Eg ønskjer å ha tett samarbeid med gruppene, så skal nok dette gå fint, seier han. 

Nestleiar er endå ikkje på plass, men Bergerud lovar at det ikkje er lenge før posten vert fylt. 

Fekk bragdpris

På slutten av årsmøte, overrekte Anne Kauppi ein ærespris til Svåi for stor innsats i idrettslaget. 

Den er for lang og tru teneste. Johnny har gjort meir enn det ein kan forventa av ein leiar, sa Kauppi. 

Svåi starta fyrst sitt engasjement i ÅTIL med barneidretten, etter det har han vore innom det meste.  

Det er alltid kjekt å bli sett pris på og det har vore mange gjeve år. Ein gong må ein jo prøva å trappa ned. Det har vore spesielt interessant å få ungar ut i aktivitet, seier han.

Framover skal Svåi vera med som mentor og støtta opp om Bergerud. Han peikar spesielt på arrangement som Fjord til Fjell og Målrock, som viktig hendingar som er med på å skapa blest om Årdal. 

Så får eg sjå kva tida bringer framover, avsluttar Svåi. 

Minkande barnekull

Dei fleste av idrettsgruppene har stor pågang, men talet på born er likevel minkande. Dette er ein dårleg trend som styret ønskjer å snu. 

Spesielt labert er babysymjinga der det berre møter opp ingen til fem på kvart møte. 

Det er totalt 870 medlemmer i ÅTIL, der 447 av desse har betalt medlemsavgifta. Dette er ein auke på 155 medlemmer frå 2014.

Ellers har Årdalstangen Idrettslag hatt ein sunn økonomi førre år, med eit overskot på 250 000 kroner. 

Til toppen