Aurland: Geologar var laurdag inne i Gudvangatunnelen for å vurdera skadene etter brannen som braut ut i ein trailer i natt. Då ekspertane kom til ulukkesstaden var det framleis mykje røyk og høg varme, og dei måtte difor trekkja seg tilbake.
– Slik tilstanden er, får me ikkje undersøkt tunnelen nøyare før i morgon føremiddag, seier Svenn Egil Finden, leiar for vegavdeling Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
– Då vil me òg ha betre grunnlag for å seia noko om kor lang tid det vil ta før tunnelen kan opna att, seier han.
Set inn ekstra mannskap på omkøyringsvegar
Sjølv om dei ikkje kan gje ei nøyaktig tidspunkt for opninga, skriv vegvesenet at stenginga fort kan bli langvarig
I mellomtida må både folk og bussar nytta alternative ruter. Omkøyringsvegar nordover er langs riksveg 5 og E39 om Førde, eller over riksveg 13 Vikafjellet. Mellom aust og vest går trafikken over riksveg 7 Hardangervidda.
– Me har sett inn ekstra mannskap og auka beredskapen på desse vegane. Med stenginga i Gudvangen kan det bli auka trafikk på omkøyringsvegane, og me oppfordrar folk til å køyra forsiktig, seier Finden.
Både Nettbuss og Nor-Way Bussekspress har ruter gjennom fylket som blir råka av stenginga. Klikk lenkene ovanfor for å sjå oppdaterte trafikkmeldingar frå dei to selskapa.