STEIN: Ytre delar av Høyanger kommune består av sjølve grunnfjellet i den geologiske formasjonen som pregar Ytre Sogn. Her syner Franziska Rüttimann Storemyr fram konglomerat som er eit kjenneteikn for regionen.
STEIN: Ytre delar av Høyanger kommune består av sjølve grunnfjellet i den geologiske formasjonen som pregar Ytre Sogn. Her syner Franziska Rüttimann Storemyr fram konglomerat som er eit kjenneteikn for regionen. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

Geopark kan gje nye moglegheiter – vil ha Høyanger med

Å vere med i ein UNESCO geopark kan blant anna skape mykje innan reiseliv og samfunnsutvikling, ifølgje initiativtakarane til parken.

Høyanger: – Geologien i HAFS har stor internasjonal og nasjonal betydning. Den syner prosessane som fører til vekst og fall av store fjellkjeder på ein eineståande måte. I tillegg er området lett tilgjengeleg for vitjande, sa avdelingsdirektør ved Kvernsteinsparken i Hyllestad, Franziska Rüttimann Storemyr då ho vitja kommunestyret i Høyanger torsdag. 

Ytre Sogn og Sunnfjord  hadde ein gong i tida verdas høgaste fjellkjede, som truleg var over ni kilometer høg. Restane av denne kan ein no finne att i dei geologiske formasjonane i regionen.

Denne spesielle geologiske arven ønskjer HAFS regionråd og Muesa i Sogn og Fjordane ved Norsk Kvernsteinsenter å utnytte. Målet er å verte ein UNESCO geopark. 

Ytre delar av Høyanger utgjer sjølve grunnsteinen i denne gamle fjellformasjonen, og ein kan blant anna sjå grunnfjellet med gneiss-veggar aust og vest for Lavik. Kommunen vil difor bli invitert med i geoparken. 

Reiselivssatsing

Regionrådssekretær i HAFS regionråd, Per Arne Tveit, meiner ein geoparkstatus for regionen kan gje nye moglegheiter innan reiseliv. 

– Dette kan løfte oss opp til ein meir synleg posisjon på reiselivskartet. Kvifor taper me i konkurransen med Indre Sogn og Indre Nordfjord når me ligg nærast Bergen? Det er ikkje nok å vere vakker og tilgjengeleg, ein må også vere kjend, sa Tveit. 

Han meiner kommunane i regionen har for mykje fokus på eigne "fyrtårn" innan reiselivet og kva dei sjølve kan tilby i staden for at ein får marknadsført regionen som heilheit. 

– Parken kan bli fyrtårnet, der ein ser samanhengen mellom den interessante geologien og regionen som eit heilt landskap, sa Tveit. 

Han meiner det også gjev moglegheiter for samarbeid med det nye UNESCO biosfæreområdet i Nordhordland, der Gulen er med, og Nærøyfjorden verdsarvområde. 

Geoparken ønskjer hovudsakleg å ha med dei vestlege delane av Høyanger, men ordføraren har bede om at området inn til tettstaden og sørsida eventuelt vert inkludert. Om det er mogleg, kjem an på den geologiske arven i området. 

– Om sørsida kan komme med, kjem også an på kva Gulen gjer, sa Stormyr. 

Få i Noreg

Forstudien for ein geopark er no ferdig. HAFS regionråd, som er prosjektleiar, ønskjer å gå vidare med prosjektet. 

Per i dag er det berre tre andre geoparkar i Noreg og kring 150 i verda, då UNESCO berre har hatt dette konseptet i fire år. 

Geoparkane skal fokusere på bærekraftig samfunns- og næringsutvikling og formidling av geologisk arv og historia og kulturarven i området. 

Stormyr understreka at det ikkje handlar om vern av området. Reiseliv vert høgt vekta som næring i eit slikt område, men ein kan også setje i gang prosjekt der ein fremjar annan type næringsutvikling, ifølgje Storemyr. 

– Fordelen er at me kan nytte UNESCO-varemerket, som er det høgaste kvalitetsstempelet innanfor reiseliv, sa Storemyr. 

Må finansierast

Geoparken vil byggje på den eksisterande regionalparken Sognefjorden kystpark, med base i Solund. Denne får no finansiering over statsbudsjettet med fem millionar kroner. 

I tillegg må medlemskommunane spytte inn pengar i prosjektet. I tillegg til Høyanger vil geoparken også invitere med Gulen og Sunnfjord i prosjektet. Gaular har vore med i forprosjektet. 

Kommunane vil måtte byrje med eit innskot på 100 000 kroner i 2020, med ein auke til 200 000 kroner frå 2022. 

Det er tenkt at ein geopark skal gje tre faste stillingar i tillegg til ei prosjektstilling. Det vil vere naturleg at det kjem eit senter for parken og at det vert gjort arbeid kring formidling i parken. 

Ordførar Petter Sortland (Ap) bad HAFS regionråd og Kvernsteinsparken om å sende ein søknad til kommunen. 

– Det er tronge tider i kommunenoreg, også her, men me skal gje søknaden ei god handsaming, sa han. 

Det er tidlegast venta ei UNESCO-godkjenning for geoparken i 2026. 

– Det er eit stort langtidsprosjekt å byggje opp ein slik park, sa Storemyr. 

Til toppen