HEKTA: Er du påkopla seint og tidleg, og det påverkar forholdet ditt til jobb, venner og familie, kan det vera viktig med ein skikkeleg pause – eller såkalla digital detox. Foto: NTB scanpix
HEKTA: Er du påkopla seint og tidleg, og det påverkar forholdet ditt til jobb, venner og familie, kan det vera viktig med ein skikkeleg pause – eller såkalla digital detox. Foto: NTB scanpix

Gi hjernen fri

Får du panikk dersom mobilen går tom for straum eller nettilgangen er dårleg? Blir du liggjande vaken med laptopen på fanget til langt på natt og surfa rundt utan mål og meining? Då kan det vera på høg tid med digital detox.

Vi brukar mindre tid på sosialt samvær, fritidsaktivitetar, husarbeid og boklesing, viser statistikk frå SSB. Nær sagt all aktivitet som går føre seg utanfor den digitale sona, blir i stadig større grad ofra til fordel for surfing, speling, chatting og andre dataaktivitetar.

TA PAUSE: Mange av oss er påkopla heile tida. Det kan vera lurt å kopla seg av ein periode.
TA PAUSE: Mange av oss er påkopla heile tida. Det kan vera lurt å kopla seg av ein periode.

Nokre synest den digitale kvardagen går vel mykje ut over nettopp kvardagen, og vel å kopla seg heilt av ein kortare eller lengre periode – noko som populært blir kalla digital detox eller -rehab.

Bloggar, forfattar og redaktør i kvinneguiden.no (Egmont Publishing) Susanne Kaluza tok eit oppgjer med eigne digitale vanar.

– Sidan eg har ein digital jobb, er eg i periodar mykje pålogga. Då eg fekk det tredje barnet mitt, tenkte eg det var eit ypparleg høve til å logga av. Eg ville ikkje at det første minnet hennar skulle vera synet av mamma bak eit lysande eple.

Ha sletta dei appane ho brukte mest, skrudde av lyden, og viktigast av alt: alle push-varslarane. Mobilen la ho i ei skuff, og prøvde å sjekka han maks ein gong om dagen – for rekningar, viktige beskjedar frå skule og liknande.

– Det var vanskeleg til å byrja med, og eg tok meg sjølv i å smugkikka på mailen innimellom. Men snart blei eg gledeleg overraska over kor mykje betre tid eg fekk, og brått hadde eg lese mange romanar eg hadde hatt liggjande lenge, seier Kaluza.

Artikkelen held fram under biletet

FANN BALANSEN: Redaktør Susanne Kaluza var påkopla så å seia heile tida. No er det ho som styrer nettbruken, og ikkje omvendt.
FANN BALANSEN: Redaktør Susanne Kaluza var påkopla så å seia heile tida. No er det ho som styrer nettbruken, og ikkje omvendt.

Ho meiner detox-perioden som varte dei første barselmånadene, gjorde at ho fekk eit meir bevisst forhold til når og kor mykje ho ønskjer å vera pålogga.

– Særleg å fjerna push-varsla var lurt. Det gjer det enklare å stikka innom sosiale media berre når eg verkeleg har tid og lyst – ikkje som ein nærmast automatisk refleks.

– Avgrens fysisk

Kaluza har ikkje følt seg direkte internettavhengig, men opplevd at den digitale verda tidlegare forstyrra for stor del av livet. Og statistisk sett er «berre» mellom 1 og 5 prosent av befolkninga kategorisert som data-/nettavhengige. Mørketala er likevel truleg store, mellom anna fordi slik statistikk i stor grad baserer seg på kriterium som elles blir brukt i samband med rusproblematikk.

Forfattar Agnes Ravatn er blant dei som ikkje nøler med å kalla det tidlegare forholdet sitt til data og internett ei slags avhengnad. Ho har skrive boka «Operasjon sjølvdisiplin», som tek utgangspunkt i eigne røynsler med å koma seg ut av rolla som «internettslave» og «nevrotisk, dvask og ulykkeleg tufs i tidsklemme».

– Eg merka at eg rett og slett ikkje fekk gjort jobben min, og det blei eit vera eller ikkje vera for karrieren min. Lenge trudde eg at eg leid av såkalla skrivesperre. Men den eigentleg grunnen, forstod eg etter kvart, var sosiale media, seier Ravatn.
I boka gjev ho ei rekkje tips for å vinna att og auka kontrollen over eigen tidsbruk, basert på omfattande research ho gjorde for å komma over eigne svake sider.

Artikkelen held fram under biletet

INTERNETT-JUNKIE: Forfattar Agnes Ravatn måtte ta store grep for å kvitta seg med dårlege nettvanar.
INTERNETT-JUNKIE: Forfattar Agnes Ravatn måtte ta store grep for å kvitta seg med dårlege nettvanar.

– Impulskontroll og internett er dødsfiendar. Har du litt dårleg sjølvdisiplin i utgangspunktet, og er konstant pålogga, er du nærmast sjanselaus dersom du skal prøva å avgrensa bruken gjennom rein viljestyrke, seier Ravatn.

Ho meiner det beste er å laga fysiske avgrensingar og, som Susanne Kaluza, slå av smarttelefonar og nettbrett og leggja dei i ei skuff.

– Å plassere det som freistar minst 30 sekund unna, er ein bra stad å starta. Eg har teke det endå lenger – eg sletta kontoane mine på sosiale media og har ikkje eingong tilgang til internett medan eg jobbar. I det same eg sletta Facebook-kontoen, følte eg eit enormt rush av lette og eg har ikkje sakna det sidan, fortel Ravatn, som «logga av» i 2012.

– Misser nærværet

Forsking gjev førebels få definitive svar på korleis det å vera pålogga påverkar oss psykisk. At det reiser ein del psykologiske problemstillingar både når det gjeld det å vera avhengig og det med nærvær, herskar det likevel liten tvil om.

Artikkelen held fram under biletet

FØLG MED: Det er viktig å følgja nøye med på datavanane til barna og setja grenser for bruken.
FØLG MED: Det er viktig å følgja nøye med på datavanane til barna og setja grenser for bruken.

– Eg trur det å bli kontinuerleg bombardert med informasjon paradoksalt nok kan gjera ein overflatisk. Du får ikkje tid til å bearbeida informasjonen og dermed utvikla klokskap, seier Sondre Risholm Liverød, psykolog, spesialist i vaksenpsykologi og redaktør for webpsykologen.no.

Han meiner overdriven digitalbruk kan føra til ein tendens til å unngå å vera til stades i eige liv, noko som er eit sentralt tema i behandlinga av psykiske lidingar.

– Ved å heile tida å gje etter for freistingar her og no, kjem du liksom aldri fram til dei store måla og dermed den djupare kjensla av å vera tilfreds. Det er utruleg viktig å vera til stades i eigne kjensler og koma seg gjennom det vanskelege, noko moderne teknologi ikkje oppmodar til, meiner Risholm Liverød.

(©NPK)

Til toppen