PREKÆR SITUASJON: Fylkeslege Per Stensland fryktar at heile fastlegesystemet kan bryte saman på grunn av overbelasta legar og dårleg rekruttering til distrikta. Her er helseminister Bernt Høie på eit besøk på Lærdal sjukehus i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
PREKÆR SITUASJON: Fylkeslege Per Stensland fryktar at heile fastlegesystemet kan bryte saman på grunn av overbelasta legar og dårleg rekruttering til distrikta. Her er helseminister Bernt Høie på eit besøk på Lærdal sjukehus i 2015. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

MEININGAR

– Gi oss 2000 ferske legar til fastlegeordninga. No.

– I distriktsfylket har det alltid vore vanskeleg å rekruttere og halde på fastlegane, men no ser vi at heile fastlegesystemet kan bryte saman, skriv fylkeslege Per Stensland.

Kronikk: Vi treng 2200 nye fastlegar til samhandlingsreforma, sa helseministeren i 2009. Stillingane kom ikkje. Fastlegane er overbelasta, og unge legar søkjer seg andre jobbar. Men det er fullt mogeleg å skaffe fastlegar både til byar og til distrikta.

Med utsiktspunkt frå Sogn og Fjordane, ser Helse-Noreg annleis ut enn i byane. I distriktsfylket har det alltid vore vanskeleg å rekruttere og halde på fastlegane, men no ser vi at heile fastlegesystemet kan bryte saman.

ER UROA: Fylkeslege Per Stensland.
ER UROA: Fylkeslege Per Stensland.

Det er få søkjarar til fastlegejobbar, og enda færre som tilfredsstiller nye kompetansekrav for sjølvstendig legearbeid. Nokre ser det som ei naturlov – at det må vere vanskeleg å lokke legar ut av byane. Men vi veit godt kva som trengst for å betre situasjonen.

Vi må rekruttere fleire studentar med lokalt tilhøyre og utdanne dei i landsdelen dei kjem frå. Universitetet i Tromsø kvoterer delar av legestudentane frå Nord-Noreg. «Lakseeffekten», tendensen til å søke tilbake til oppvekststaden, gjer at ein større del av desse legane blir i landsdelen dei er oppvaksne i, enn dei som er rekruttert frå andre plassar.

Slik delkvotering kan ein òg nytte ved dei andre studiestadene. Alle dei norske studiestadene har store nærområde med vanskeleg legerekruttering.

Vi må utdanne legane der dei trengst. Vi blir sjuke der vi bur, ikkje på universitetssjukehusa.

I løpet av dei 240 vekene som legestudiet varer, får dei fleste studentane i Noreg undervisning utanfor universiteta i berre 25 veker. Ingen skal klandre dei for at dei får inntrykk av at den medisinske verda ter seg slik dei møter den i universitetssjukehusa. Her oppheld dei seg mest, og her formast dei faglege ideala.

Fleire universitet i Australia og Canada har vist at store delar av studiet kan leggjast til distrikta, og resultatet der er at ein større del av studentane aktivt søkjer seg ut av byane når dei er ferdige. Men ei slik omlegging føreset at pengane følgjer studentane.

Helseføretaka får ca. 650 mill. kroner årleg for å undervise legestudentar. Kommunane får ikkje noko.

Fleire studentar må få meir undervisning nær pasientane, og kommunane må få ein del av ressursane slik at dei kan gjere jobben. Dette krev eit politisk grep.

Arbeidsforholda for fastlegar må endrast. Allmennpraksis har alltid vore ein travel arbeidsplass, men no melder også erfarne fastlegar at dei møter pasientar som er sjukare, som oftare treng konsultasjon og dei opplever auka krav frå lokale samarbeidspartnarar, frå helsedirektorat og helsetilsyn. Samtidig går rekrutteringa av nye legar dårleg.

Poenget er at dette gir tyngre og lengre arbeidsdagar enn mange legar set pris på. Kvifor er det slik no?

To grunnar: Samhandlingsreforma, som var innført i 2012, har på fornuftig vis overført arbeidsoppgåver, les sjuke pasientar, frå sjukehusa til kommunane – der fastlegane er sentrale i det medisinske arbeidet.

Reforma har også skapt forventning om auka innsats i førebyggjande arbeid. Difor skulle det tilførast 2200 nye fastlegar, sa helseministeren. No skulle veksten i legesektoren kome i fastlegekorpset.

Etter fem år med fastlegeordning hadde legetalet auka i sjukehus med 18 prosent, talet fastlegar i landet auka med 12 prosent og talet fastlegar i mitt fylke som døme på distriktsområde har auka med 6 prosent. Kanskje ikkje så rart at nokre synst at arbeidsdagen blir lang.

Den andre grunnen er at fastlegeavtalen er blitt ein tvangstrøye som held fram privat praksis som føretrekt modell for fastlegearbeid.

Men unge legar i etableringsfase tenkjer annleis i dag enn for 15–20 år sidan. Fast tilsetjing, slik sjukehusa tilbyr, gir trygg arbeidssituasjon, føreseieleg arbeidstid, fri når barn er sjuke – ja, alle dei føremonene som ligg i moderne arbeidsavtalar.

Vi veit at om lag ein tredel av dei unge legane som kan tenkje seg fastlegejobb, ikkje er interessert i å drive privat praksis. Fastlegane har peika på alternative måtar å starte opp som allmennlege, som fast tilsett i utdanningsstilling som fører legen fram til å bli spesialist i allmennmedisin.

Det trengst mange slike stillingar for å kompensere eit etterslep av manglande legar i primærhelsetenesta.

Ved inngangen til Samhandlingsreforma uttalte helseministeren ein ambisjon om å balansere utviklinga i helsetenesta ved aktivt å skaffe fleire fastlegar. Når dette ikkje vart gjort, står vi i fare for at ordninga bryt saman.

Det er vist at helsetenesta blir best og rimelegast når den er bygd på ein velfungerande primærhelseteneste.

Tida er inne til å gjennomføre det ein hadde planlagd som føresetnad for samhandlingsreforma. Gi oss 2000 ferske legar til fastlegeordninga. No.

Kronikken vart først publisert på nettsidene til Aftenposten 8. mai. Gjengitt med løyve frå forfattaren.

Til toppen