SAMLA SEG FOR Å OPNE: Jan Olav Fretland (SV), Gro Staheimsæter (Sp), ordførar Jan Geir Solheim (Sp), varaordførar Geir Berge Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) under formannskapsmøtet torsdag ettermiddag. Foto: Ina Eirin Eliassen
SAMLA SEG FOR Å OPNE: Jan Olav Fretland (SV), Gro Staheimsæter (Sp), ordførar Jan Geir Solheim (Sp), varaordførar Geir Berge Øverland (Ap) og Trond Øyen Einemo (H) under formannskapsmøtet torsdag ettermiddag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gir bassenget ein sjanse

Lærdal kommune brukar heller busspengane, som skulle frakta elevar ved Borgund skule til svømmeopplæring på Lærdalsøyri, til arbeidet som krevst for å få opna bassenget på Borgund. 

Lærdal: Bassenget på Borgund står tomt og har vore stengt sidan påsken 2015. Formannskapet i Lærdal landa torsdag ettermiddag ei mellombels løysing for å få opna bassenget, fram til ein får på plass ei endeleg avgjerd om renovasjon i neste budsjettrunde i 2016. 

For å få opna bassenget på Borgund må ein få på plass ei ny sirkulasjonspumpe og legge fliser. Men om det skulle visa seg at ventilasjonsanlegget stoppar og lekkasjen på bassenget blir verre, blir bassenget stengt. 

Har sett på kva det kostar

Etter formannskapsmøte 17. september fekk ei adhoc-gruppe i oppgåve å laga ei kalkyle for kva arbeid som må til for å opne bassenget før budsjettet for 2016 blir vedteke. Den syner at det må til kring 126 000 kroner, der stordelen av summen, kring 100.000 kroner, går til tetting av lekkasjen på bassenget.

Rådmann Alf Olsen jr. peikar på at ein kan velje å ikkje tette lekkasjen no, sjølv om det kan føra til auka vassforbruk, påkjenning for sirkulasjonspumper, auka bruk av kjemikaliar og høgare straumutgifter. Då sparar ein likevel på å senda elevane med buss til og frå Lærdalsøyri, som kjem på 30.000 til 40.000 for hausten 2015, medan 120.000 kroner årleg. 

Heile saksutgreiinga finn du her.

Satsar busspengane og gjer eit forsøk på å opne

– Ulempa som veg tung er at elevane må bruka mykje tid på den pålagte svømmeopplæringa. Stein Vidar Nemeth, som sitt i adhoc-gruppa, meinar det er mogleg å få bassenget i drift for ein rimeleg sum. Då har me ikkje lenger den økonomiske kostnaden og det går ikkje ut over elevane, seier Gro Starheimsæter (Sp). 

Både Starheimsæter og ordførar Jan Geir Solheim (Sp) var samde i at kommunen må gjera eit forsøk for å få opna bassenget, men at det føresett att ikkje lekkasjen blir for stor og at ventilasjonsanlegget ikkje stoppar opp. Det slutta også Geir Berge Øverland (Ap) seg til. 

Solheim seier seg einig med vurderinga til rådmann om at det er økonomien som styrar kva tiltak ein sett inn og at det også er verd å ha med seg kostandane av å halde stengt.

– Eg er villig til å gjere eit forsøk, så lenge det ikkje vil koste oss meir enn å sende elevane med buss. Det er ein foresetnad at utbetringane kjem på mellom 30.000 og 40.000 kroner. Skulle ventilasjonsanlegget ryke og lekkasjen auke, er eg samd i å stenge. Eg tykkjer me skuldar anlegget å gjere eit forsøk. Det er mange fordelar som ikkje me kan sette ein pris på for dei som nyttar bassenget, seier Soheim.

– I tida ein treng på å reparere bassenget, skal elvene då bli sendt med buss, spør Trond Øyen Einemo (H). 

– Nei, me må ha på plass ei pumpe, me treng ein tredagarsjobb på fliselegging og det blir ikkje busskøyring på elevane, seier Solheim, som legg til at det er kritikkverdig at pumpa har stått øydelagt så lenge utan at den har vore skifta. 

Jan Olav Fretland (SV) meiner alle saksopplysningar må på bordet. 

– Eg tykkjer dette er ei merkeleg måte å handsama ei sak på, me kan ikkje gjera vedtak på denne måten i mange saker, seier Fretland, som legg til at han likevel ikkje skal setta seg på bakbeina i denne saka. 

Samd om ei nødløysing før neste budsjett

Eit samrøystes formannskap støtta opp om framlegget til Senterpartiet, om at bassenget blir opna for eit mindre beløp på maksimalt 30 000 kroner som skal gå til fliselegging og ny pumpe. I perioden då dette skal på plass, blir det ikkje sett inn buss for at elevane ved Borgund skule skal blir frakta med buss for å få svømmeopplæring ved Lærdalsøyri skule. 

Dermed fall rådmannens tilråding om at bassenget held stengt fram til dei folkevalde har teke ei avgjerd om renovering og drift av bassenget i neste økonomiplan, 2016 til 2019, og for budsjettet i 2016. 

Les også: Elevar ønskte svar frå politikarane

Til toppen