BUSTADPROSJEKT: Dette er eit av to bustadprosjekt som aktørar ønskjer å starte opp med i Øvre Årdal. Foto: Arkitektkontoret 4B.
BUSTADPROSJEKT: Dette er eit av to bustadprosjekt som aktørar ønskjer å starte opp med i Øvre Årdal. Foto: Arkitektkontoret 4B.

Gir bustadutviklarar tommel opp til å starte planarbeid​

To bustadprosjekt i Storevegen i Øvre Årdal får grønt lys til å gå i gang med planarbeidet.

Årdal: I løpet av få månader har to bustadprosjekt i Storevegen kome på bordet i Øvre Årdal. Det eine prosjektet består av seks bueiningar i Endregarden, medan for det andre er det snakk om å byggje åtte til ti bustader der som Expert inntil nyleg heldt til.

– SUPERT: Thomas Norheim Moen (Sp) tykkjer det er supert at det finst folk som vil byggja bustader. 
– SUPERT: Thomas Norheim Moen (Sp) tykkjer det er supert at det finst folk som vil byggja bustader. 

– Det er positivt å sjå at ein har så mange planførespurnader. Det er moro fordi dei viser at det er aktivitet i bygda. At folk vil byggje bustad er supert, sa Thomas Norheim Moen (Sp) då formannskapet handsama dei to planførespurnadene tysdag.

I Endregarden er det Martin Andersen som styrer planane, medan Legal Eigedom og Årdal Boligbyggelag med Ole Vidar Øren og Greta Steinheim står for burettslagsplanane i sentrum.

– Må få noko til å skje

Tysdag fekk begge prosjekta tommel opp frå dei folkevalde om at dei kan starte arbeidet med reguleringsplan. 

– Det er bra, det bør dei vere, seier Martin Andersen og smiler. 

Artikkelen held fram under biletet.

VIL RIVE: Utbyggar ønskjer å rive denne fjøsen frå 1886, men kulturavdelinga i fylkeskommunen rår imot. 
VIL RIVE: Utbyggar ønskjer å rive denne fjøsen frå 1886, men kulturavdelinga i fylkeskommunen rår imot. 

– Me må jo få noko til å skje. Dette gagnar fleire, anten ein er handtverkar eller sel møblar. Det er viktig å skape noko nytt, legg han til.

Vil rive fjøs

Planarbeidet har han såvidt gått i gang med. Han reknar no med at viss ein held tidsplanen, så vil tomta vere endeleg regulert og godkjent i september, men det kan vere eit lite skjær sjøen. På tomta står det i dag ein gamal driftsbygning frå 1886, som er registrert i SEFRAK – eit register over eldre bygningar og andre kulturminne i Noreg. 

Saka har allereie vore på ei høyring, og kulturavdelinga til fylkeskommunen rår til at ein beheld bygningen. Det vil i så fall vere eit problem for bustadplanane. Til sjuande og sist er det uansett kommunen som bestemmer.

– Eg trur ikkje det blir noko problem. Den gamle fjøsen har ikkje noko der å gjera. Eg har snakka med naboar som seier dei er glad for at han blir riven. Det kjem til å overraske meg om det blir eit problem. Sunn fornuft er greitt å ha i blant, seier Andersen, men understrekar at dei ikkje kjem til å starte på arbeidet før alt er godkjent.

BURETTSLAG: Nærare sentrum ønskjer Greta Steinheim og Ole Vidar Øren å samarbeide om eit etablere eit burettslag. 
BURETTSLAG: Nærare sentrum ønskjer Greta Steinheim og Ole Vidar Øren å samarbeide om eit etablere eit burettslag. 

Størst vekst i sentrum

I formannskapet kom det heller ikkje signal på at driftsbygningen var noko som vil skape trøbbel.

– I kommuneplanen er det føresett vekst, og størst vekst vil det vera i sentrumsområda. Difor er Arbeidarpartiet positive til desse planane. Det er mykje som skjer no, og det er gledeleg, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Med desse to bustadprosjekta, samt ein venta diskusjon om kor ein skal plassere ein klatrepark, åtvara rådmann Olve Fossedal om at han kan bli nøydd til å vurdere ein ny reguleringsplan.

– Det er kome innspel om at klatreparken skal plasserast på Jotunplassen. Kjem det fleire førespurnader om utbygging i same området, kan det hende rådmann må vurdere ny reguleringsplan, elles blir det klatting rundt omkring, og det vil vere i strid med kommuneplan. Det kan bli naudsynt å foreslå, men eg seier ikkje at eg kjem til å gjere det, sa Fossedal. 

Til toppen