Gir full gass på motorcrossbana

Crossbana på Dalsurdi i Årdal har aldri vore betre, og no jobbar motorcross-gjengen med eit nytt tilbod. 

Årdal: IL Jotun Motorcross er ikkje den største idrettsgruppa i Årdal, men dei elskar det dei held på med og ser gjerne at fleire blir med. 

På den gamle avfallsplassen ligg det eit enormt tal med dugnadstimar, først og fremst for å få i stand bana, og deretter for å utvikle ho og gjere ho endå betre. 

Sjå fleire bilete i galleriet øvst i artikkelen.

– Det er ein fin plass å vere. Me har vore heldige med naboane med få klagar, smiler Trond Igelkjøn. 

Utbetra bana

Foreldrene har samla seg på ein haug der dei har oversikt ut over den 850 meter lange bana. 

Artikkelen held fram under biletet.

FØLGJER MED: Foreldre følgjer nøye med når ungane suser rundt på mopedane.
FØLGJER MED: Foreldre følgjer nøye med når ungane suser rundt på mopedane.

– Haugo (Leif Haugo red. anm.) har gått amok med gravemaskina og halde dugnad for seg sjølv saman med Trond. Du skulle vore her tidlegare, så hadde du sett forskjellen. Bana er utvida med tre meter i breidden, så det byrjar å bli eit bra område, seier Ole Gunnar Hunderi, leiar for motorcross-gruppa. 

– Når det ikkje har vore særleg med vedlikehald her på mange år, så har ting grodd saman, men no har me fått opna det meste. Me manglar å få lagt litt meir såle med grus, så er det eit bra anlegg, legg Igelkjøn til. 

Vil ha med fleire

Dei har begge ungar som driv med dette, og dei er ikkje framand for å setja seg på mopeden sjølv. To-tre gonger i veka samlast dei. Det er om våren og hausten dei er flest – rundt 12-15 stykk. 

– Me prøver å rekruttere og ønskjer å ha tak i fleire. Me håpar det kjem mange nye. Det er til dømes ein del 16-åringar her som skal ta lappen på lettsykkel, og då kan dei trene her i staden for å køyre langs vegen med det same. Alle er velkomne hit, seier Igelkjøn.

Ein treng ikkje å ha utstyr sjølv. Ein kan få låne både sykkel og tryggleiksutstyr. 

– Fotball og handball passar ikkje for alle, og dette er ein kjempekombo saman med annan idrett. Ein får øvd på styrke, balanse og uthaldenheit. Eigentleg skjønnar ikkje folk kor hardt det er før dei har prøvd sjølv. Det er tøft, fortel Hunderi. 

Vil satse på trail

Skulle ein ønskje å prøve det ut, har dei laga ei lita rundløype for dei minste. Her kan dei trene på balanse før dei slepp ut på den store bana. No vil dei også byggje ei trail-bane.

Artikkelen held fram under biletet.

KREVJANDE: Dei som trur at motorcross berre inneberer å sitja stille og styra ein sykkel, tek feil. Motorcross gir styrke, uthaldenheit og balanse.
KREVJANDE: Dei som trur at motorcross berre inneberer å sitja stille og styra ein sykkel, tek feil. Motorcross gir styrke, uthaldenheit og balanse.

– Trail er ein sport som ein fint kan kombinera med alt anna. Det går sakte, og det handlar om ferdigheiter, balanse og styrke. Så no skal eg sjekke litt rundt om eg får tak i nokre tekk slik at me kan lage ei trailbane, fortel Leif Haugo, som takkar Leif Inge Lerum for lån av gravemaskin.

– Me er evig takknemleg for lånet av denne, samt at han køyrer grus når han kan. Skulle han hatt betalt, ville det aldri blitt gjort. 

– Kanonbra miljø

Det er ingen av dei aktive som deltar på konkurransar, men det hender at dei reiser på løp som dei samanlikna med «Bendit-cup der alle får premie». 

– Det er mest for det sosiale. Me er på nokre slike arrangement rundt omkring. Då får ein treffe folk som driv med det same. I tillegg har me god kontakt med dei på Kaupanger, der me besøker kvarandre. Det er eit godt miljø, seier Igelkjøn.

– Kanonbra miljø, legg Hunderi til. 

Til toppen