GARANTERER FOR KOSTNADANE: – No må me ikkje drukne i detaljar, det er punktet om at kommunen skal gi garanti for utgiftene til elvesikring som er det viktige i denne saka, slik at me ikkje forsinkar arbeidet, seier Geir Berge Øverland (Ap) under kommunestyret handsama saka torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen
GARANTERER FOR KOSTNADANE: – No må me ikkje drukne i detaljar, det er punktet om at kommunen skal gi garanti for utgiftene til elvesikring som er det viktige i denne saka, slik at me ikkje forsinkar arbeidet, seier Geir Berge Øverland (Ap) under kommunestyret handsama saka torsdag. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gir garanti slik at arbeidet med flaumsikring kan starte

Fem dagar før fristen, gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for å ta distriktsdelen av kostnadande for arbeidet med flaumsikring i Kuvelda og Erdalselva. Det gjer at arbeidet kan starte opp i år. 

Lærdal: Kommunestyret vedtok samrøystes dei tre punkta i tilrådinga til formannskapet, som behandla saka 1. oktober. Dermed gir kommunestyret rådmannen fullmakt til å underteikne ein kommunal garanti for distriktsdelen på inntil 20 prosent av kostnadane for sikringstiltaka mot flaum i Erdalselva og Kuvelda, etter dei vart råka av flaum i fjor haust. Tiltaka kjem på 5,7 millionar, der distriktsdelen er estimert til 585.000 kroner (begge summane er eks. mva.). 

Det gjer at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kan starte arbeidet med å flaumsikre Kuvelda og Erdalselva i år. NVE sette krav om at dei måtte motta garanti frå kommunen på distriksdelen innan 20. oktober, for at dei skulle kunne starte anleggsarbeidet med elvesikring i november. 

Les også: Opnar for garanti og fond til flaumsikringstiltak

PÅKJENNING: Bente Øien Hauge (uavhengig) meiner eit slik vedtak vil føre til at grunneigarane på ny blir utsett for uvisse.
PÅKJENNING: Bente Øien Hauge (uavhengig) meiner eit slik vedtak vil føre til at grunneigarane på ny blir utsett for uvisse.

Stiller garanti – vil vurdere refusjon

Av rettferdsomsyn og den øknomomiske belastinga for den enkelte grunneigar, meiner kommunen at det som eit grunnprinsipp er rett å dekke distriktdelen på desse utbetringane. Men om sikringsarbeidet gir vesentleg verdiauke for den enkelte grunneigar er det naturleg at rådmannen gjennomførar forhandlingar med grunneigar/festar om kostnadsdeling. I tillegg sett rådmannen i gang arbeidet med å oppretta eit fond som skal dekka distriktsdelen ved naturskadar i framtida. 

Bente Øien Hauge (uavhengig representant) seier ho får vondt i magen av breva frå grunneigarar, der ho tolkar det som at grunneigarane vil ha attende eigedomane slik dei var før flaumen. Difor ber ho om ei utdjuping. 

– Felleskapet skal ikkje betale for ei verdiauke

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) forklarar at diskusjonen i formannskapet gjekk på om kommunen skulle dekke slike skadar eller ikkje, der dei landa på at kommunen ikkje skal bruke pengane til felleskapet på ei verdiauke av eigedomane. Han legg også til at kvar sak er unik, men der arbeidet følger til auka verdi på eigedomane vil kommunen gå i forhandlingar om å dela på kostnandane.  

– Om grunneigarane må ut med fleire hundre tusen kroner for noko dei ikkje har vald sjølve, føler eg eit slikt vedtak blir å utsette dei som vart råka for flaum for ei ny påkjenning og uvisse. Eg meiner det er kommunen sitt ansvar å syte for tryggleik. Ved slike dramatiske opplevingar skal ein ikkje bli påført fleire påkjenningar, slik at ein kan ende opp med å miste både gard og grunn som eit resultat, seier Hauge. 

Rådmann Alf Olsen jr. utdjupar at ei eventuell verdiauke på eigedomane vil vera ei skjønnsvurdering, som ein må setta fagressursar i kommunen på å avgjere. Han forklarar at praksisen om å stille kommunal garanti for distriktsdelen varierer i ulike kommunar, og er avhengig av situasjon og type areal det er snakk om. 

– Må ikkje bli for detaljorientere

Jan Olav Fretland (SV) syner til at det er grunneigar som står for vedlikehald og skjøtsel av eigedomar og peikar på at til og med E16 vart ramma etter flaumen i Kuvelda. 

– Er det framleis skjøtsel at grunneigarane lenger oppe skal betala alt som ligg lenger ned? Det høyres jo ikkje rettferdig ut, seier Fretland. 

– Det handlar om å sette inn eit flaumsikringstiltak. Vatn renn nedover, slik er det. Slik det er praktisert så langt er at det er dei grunneigarane det gjeld som er ansvarlege, seier Olsen jr. 

Etter både Hauge og Marianne Øren (V) hadde vore oppe på talarstolen, meinte Geir Berge Øverland (Ap) at det no var viktig å ikkje henge seg opp i detaljar, slik at arbeidet kjem i gang.

– Det som er viktig er at kommunen gir garanti for kostnandane til distriktsdelen, slik at arbeidet kan starte opp. For å få det til må me må gi eit svar til NVE innan det har gått fem dagar, seier Øverland. 

Til toppen