Gir initiativtakarane bak Tya bakeri og bryggeri ros

Gir initiativtakarane bak Tya bakeri og bryggeri ros

Politikarane rosar initiativet til dei som står bak Tya Bakeri og Bryggeri.

Tysdag behandla formannskapet søknad om skjenke- og serveringsløyve for Tya Bakeri, og med bakgrunn i at dette er ein positiv tilvekst til lokalsamfunnet gav dei løyve til begge delar.

– Me har ei gågata i Øvre Årdal som har vore tildels dau i det siste. Dette vil gje gata eit voldsomt løft. Det skapar aktivitet. Det er ein del av kommunen sin strategiske næringsplan å gi sentrum eit urbant preg, og me håpar at Tya kan føra til det. Initiativtakarane fortener ros. Det står respekt av den viljen dei har til å satsa og investera, seier Ørjan Stedje Ylvisåker (Ap).

Han legg til at Arbeidarpartiet støttar tilrådinga om å gi skjenke- og serveringsløyve, og at når det gjeld skjenkeløyve, er dette nokon som må til for å skapa endå meir aktivitet. 

– Eg håpar og trur at årdøler og tilreisande nyttar seg av tilbodet. Me gler oss og ser fram til dette her, og me får håpa dette kan leva lenge.

Også Aleksander Øren Heen (Sp) nytta høvet til rosa dei som står bak konseptet og kallar tilbodet positivt for Årdal.

– Jamfør turistsatsinga. Dette heng saman og gjer Årdal meir attraktivt. Me treng slike tilbod i heile Årdal. Me skulle hatt fleire tilsvarande på Årdalstangen også for å løfta sentrum der, seier han.

Tya Bakeri skal selja bake- og konditorvarer, smårettar og middag. Dei har også søkt på løyve til å skjenke ute på gateplan og på takterrasse. Bakeriet skal halde til i to etasjar. 

I fyrste etasje blir det bar med sitteplassar og i nabolokalet kafè/restaurant. Det er også planlagt uteservering å gateplan.

I andre etasje er det selskapslokale med sitteplass til 60 personar og eit mindre lokale med tolv sitteplassar. Her er det også takterasse på 89 kvadratmeter. Det er planlagt opning av bakeriet og bryggeriet 27. juni.

Til toppen