GIR ROS: Arild Ingar Lægreid (Ap) og resten av formannskapet gir ros til dei Hydro-tilsette som stilte opp for å hjelpe verket i ei vanskeleg tid etter straumbrotet fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GIR ROS: Arild Ingar Lægreid (Ap) og resten av formannskapet gir ros til dei Hydro-tilsette som stilte opp for å hjelpe verket i ei vanskeleg tid etter straumbrotet fredag. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Gir ros til Hydro-tilsette

Dei folkevalde i formannskapet i Årdal gav ros til Hydro-tilsette for innsatsen dei la ned etter straumbrotet.

Årdal: Før møtet starta tysdag gav ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) ein statusoppdatering etter å ha snakka med fabrikksjefen tidlegare på dagen. 

– Det vart meir langvarig enn me trudde, og status i dag er at 38 celler, eller omnar, er ute. Dei fleste av dei skal dei ikkje fora heilt om att og starte på nytt, så det er arbeid med å renske, fortalte han. 

Rundt ti omnar på takast frå botn av. Dette er Hydro i full gang med og opplyser sjølve at dei satsar på å ha full produksjon att til andre kvartal. 

Ros til dei tilsette

– Det er gjort ein kjempejobb i helga med å få dette i gang att. Kva som er årsaka til utfallet, jobbar Hydro med. Me har bedt om status på det slik at me kan sjå på kva som kan gjerast for å sikra oss betre neste gong, for det blir eit nytt straumutfall, fortsatte ordføraren.

– Eg oppfattar at det er gjort ein stor jobb og vil gi ros til dei som har vore med på det. Me trur Hydro handterte dette på best mogleg måte. 

Artikkelen held fram under biletet.

LYS: Ei heil bygd heldt pusten då straumen forsvann fredag ettermiddag og kveld. Dette biletet er tatt like etter at straumen kom tilbake.
LYS: Ei heil bygd heldt pusten då straumen forsvann fredag ettermiddag og kveld. Dette biletet er tatt like etter at straumen kom tilbake.

Toppleiinga besøkte Årdal

Tysdag var konserndirektør Hilde Merete Aasheim og leiar for dei heileigde norske smelteverka i Hydro, Ola Sæter, på plass i Årdal. 

– Ut frå situasjonen er eg veldig godt nøgd med at det ikkje gjekk verre. Eg er glad for at vi er tilbake med 90 prosent av produksjonen, og at vi kan levere til kundane. Det er resultatet av ein fantastisk innsats frå ein veldig trena organisasjon, seier Aasheim til NRK.

38 omnar ute av drift betyr eit tosifra millionbeløp i økonomiske konsekvensar, men Hydro vil førebels ikkje seia eksakt kor mykje det er snakk om. Det som er sikkert, er at ein slapp billig unna samanlikna med det verste scenarioet.

Samhald i bygda

Hendinga har iallfall fått dei folkevalde til å tenkja over kor sårbar ein faktisk er i Årdal kommune.

– Fredag må eg seia at eg tenkte på det sidan Hydro er hovudpulsåra vår. Når me snakkar 38 av 180 omnar, så er det eit omfang, men samstundes som eg tenkte på det, såg eg den eine statusoppdateringa etter den andre på Facebook der folk melde seg til teneste. 

– Eg har høyrt at enkelte ikkje har sett så mykje arbeidsfolk på verket før. Det seier noko om samhaldet i bygda. Me veit kva me har og verna om det. All ros til dei, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Erling Offerdal i Senterpartiet slengte seg på rosen og understreka kor viktig det var med ein rapport som kunne fortelja kva som har skjedd for å unngå dette i framtida.

– Hydro er den viktigaste arbeidsplassen i bygda vår. 

Til toppen