LEIARSKIFTE: Desse to har lenge jobba godt i team, men 31.mars gjer Odd Arne Fodnes seg som leiar etter 15 år. Nestleiar Rune Guttormsen vart valt som ny leiar for Årdalstangen kjemiske arbeidarlag. Foto: Kaja Nygård
LEIARSKIFTE: Desse to har lenge jobba godt i team, men 31.mars gjer Odd Arne Fodnes seg som leiar etter 15 år. Nestleiar Rune Guttormsen vart valt som ny leiar for Årdalstangen kjemiske arbeidarlag. Foto: Kaja Nygård

Gir seg etter 15 år som leiar

Fredag hadde Årdalstangen kjemiske arbeidarlag årsmøte, då vart det eit leiarskifte. 

Årdal: Heile 89 medlemmar hadde møtt opp då Årdalstangen kjemiske arbeidarlag (ÅKA) hadde årsmøte fredagskveld.

Dei gjekk først igjennom årsmeldinga for 2015 og kunne opplyse om at ÅKA hadde per. 1 januar 2016, 128 aktive medlemmar og det totale medlemstalet er 272.

Under møtet vart også ÅKAs bordfane delt ut til alle som har 35 års samanhengande medlemskap i ÅKA. Liv Grete Årlid, Ole Johan Forthun, Sonja Johannsessen, Marit Bruhaug og Kjersti Trude Klingenberg var dei som vart heidra med ÅKAs bordfane i år. Vidar Lerum blei heidra for å ha 5 års teneste som representant til styret i ÅKA.

Artikkelen held fram under biletet. 

HEIDRA: Desse tok imot ÅKA`s bordfane på årsmøte.
HEIDRA: Desse tok imot ÅKA`s bordfane på årsmøte.

Hilmar Høl har vore hovudverneombod og Harald Midtvoll har vore vara i 2015. På årsmøte kunne ein opplyse om at 2015 var det fyrste året på lang tid at ein ikkje hadde skadar med fråvær på Årdal Metallverk.

Årsmelding

Foreininga har hatt mange viktige saker i 2015. Der full produksjon av Årdal karbon var ein av dei. Carbon 2020 er ei viktig sak og foreiningsleiar sit i styringskomiteen i dette viktige prosjektet. Ei forsinka innstilling frå styringskomiteen vil bli framlagt på vårparten i år. I årsmeldinga kom det fram at dei håpar på ei stor utbygging av ovn 4  2021.

I viktige saker i 2016 kom det fram at dei låge aluminiumsprisane skapar store utfordringane og ein håpar prisane snart stig. Dei vil også jobbe for å få betre forståing for foreiningsarbeidet blant sine yngre medlemmer, som er framtida.

15 år som leiar

Odd Arne Fodnes sluttar som leiar etter 15 år.

– Til å begynna med blir det nok litt vemodig, seier Fodnes og legg til. 

– Me har den eineståande moglegheita å gå av på eit tidleg stadium. 62 år, og da har eg forhåpentlegvis nokon gode år framfor meg. 31.mars er hans siste dag som leiar.

– Det har vore både gode og litt mindre gode tider, men eg har likt meg som leiar, seier Fodnes.

Han legg til at det har vore tøft å vore igjennom nedbemaningsprosessen, men at dei har funne gode løysingar for dei fleste og at karbon-prosjektet vil hjelpe her.

– Me har alltid hatt eit godt samarbeid med leiinga. Det er like viktig for oss tillitsvalde, som for leiarane å skape resultat og lage gode produkt som kundane er nøgde med. Samt sikre arbeidsplassar.

Det var ein rørt Fodnes som mottok blomar og gåvesjekk for arbeidet han har gjort som leiar.

Leiarskifte

Fodnes overlet leiaransvaret til Rune Guttormsen som har vore nestleiar sidan 2008.

Det var ein glad og stolt Guttormsen som fredag kunne rekke hendene i været over å bli den nye leiaren i ÅKA.

– Dette har vore ein draum for meg i mange år.

Artikkelen held fram under biletet. 

NY LEIAR: Rune Guttormsen var stolt for å bli valt som ny leiar.
NY LEIAR: Rune Guttormsen var stolt for å bli valt som ny leiar.

Han dreg fram at Odd Arne har vore ein god leiar desse 15 åra og vore flink og inkluderande.

– Han har alltid fortalt meg kva som skjer, så me har vore eit godt team. Han har vore talarøyret og eg har vore involvert i alle saker og sagt det eg meiner. Eg synes han har gjort ein framragande jobb, seier Guttormsen.

Arbeid framover

– Ein får ta feiringa no, og så kjem alvoret. Det er veldig mange viktige saker i tida framover. Til dømes Carbon 2020, som er ein utfording for oss fordi det blir sagt at me har for lite kol på markedet, fortel Guttormsen.

Han fortel vidare at det i tida framover er viktig å sikre arbeidsplassane, at drifta går godt og at dei får vere med å delta.

– I tillegg er det viktig å få inn yngre krefter, både jenter og gutar. Det er begynt å tilsette lærlingar og det er kjempebra.

– Det har vore mange gode leiarar opp gjennom åra. Eg håpar at eg kan trø i skoa deira, avsluttar den nye leiaren, som får med seg Morten Skarsbø som nestleiar.

Til toppen