SAMLA I KYRKJA: Hans Tønjum, Halvard Eri, Hans Hagheim og Inge Raa inne i Tønjum kyrkje i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen
SAMLA I KYRKJA: Hans Tønjum, Halvard Eri, Hans Hagheim og Inge Raa inne i Tønjum kyrkje i Lærdal. Foto: Ina Eirin Eliassen

Gir seg ikkje før preikestolen er attende

– Me får telefonar frå uflytte lærdøler, som lurar på kva i alle dagar dei gjer med kyrkja på Tønjum, seier Inge Raa og Hans Hagheim. 

Då kyrkjelyden kom til gudsteneste søndag var preikestolen i Tønjum kyrkje vekke, noko som vekte stor harme blant innbyggjarane. Preikestolen som vart fjerna for å gi meir plass fremst i kyrkja, ligg no innpakka i plast på eit lager på Lærdalsøyri.

Inviterar til soknemøte

Tysdag var Porten.no i kontakt med Audun Mo, leiar i kyrkjestyret i Lærdal, som ikkje legg skjul på at informasjonen til innbyggjarane har vore for dårleg. Han seier kyrkjestyret har lært av denne saka og er open for å gjera om på vedtaket som fekk preikestolen fjerna. 

Les meir: – Sjokkert og irritert over at preikestolen er borte

Lærdal sokneråd inviterar no til ope soknemøte 8. april klokka 19 i Tønjum kyrkje. Der skal ein diskutera framtidig bruk av kyrkja og fjerninga av preikestolen. Soknerådet håpar på godt oppmøte og ønskjer alle i Lærdal sokn velkommen til å delta, skriv Lærdal kommune på sine nettsider fredag 20. mars.  

 

MANGLAR: Preikestolen som truleg er frå 1832 er vurdert som særskilt verneverdig og er listeført av Riksantikvaren. Slik ser det ut i Tønjum krykje etter at preikestolen vart fjerna.
MANGLAR: Preikestolen som truleg er frå 1832 er vurdert som særskilt verneverdig og er listeført av Riksantikvaren. Slik ser det ut i Tønjum krykje etter at preikestolen vart fjerna.

Varslar underskriftskampanje

Onsdag møtte Porten.no Hans Tønjum, Halvard Eri, Hans Hagheim og Inge Raa i Tønjum kyrkje. Framme i kyrkje er det tomt der preikestolen har stått sidan 1800-talet. Dei tykkjer det er eit dårleg demokrati, sidan folk i bygda ikkje vart kontakta undervegs i prosessen som leia fram til synet dei fekk då dei møtte opp til gudsteneste søndag.

No håpar dei på eit raskt svar frå kyrkjestyret i Lærdal, ellers varslar dei om underskriftskampanje for å få preikestolen attende. 

GIR SEG IKKJE: Halvard Eri, Hans Hagheim og Hans Tønjum. 
GIR SEG IKKJE: Halvard Eri, Hans Hagheim og Hans Tønjum. 

– Folkevilja må få bestemma

Karane har med seg eit skrivet frå Riksantikvaren som er sendt til kyrkjestyre i Lærdal i 2013.

Der skriv Riksantikvaren at han ikkje opplever at preikestolen sin storleik og form er feil proporsjonert i kyrkjerommet. Han meinar den arkitektoniske heilskapen, som er av høg kvalitet, vil blir svekt om ein fjernar enkeltdelar av det originale inventaret. Samstundes ser Riksantikvaren at kyrkjene i dag har ein annan bruk og høgare krav til fleksibilitet enn før. Mellom anna stiller dans, konsertar og drama meir krav til meir open plass i alterpartiet. Difor ville ikkje Riksantikvaren motseie ønskje frå Lærdal kyrkjestyre om å fjerne preikestolen, om det er eit sterkt lokalt ønskje for det.  ​

HAR TRUA: Inge Raa håpar saka ordnar seg, men forlanger at det skjer raskt. 
HAR TRUA: Inge Raa håpar saka ordnar seg, men forlanger at det skjer raskt. 

– Her burde det ha vore eit folkemøte tidleg i prosessen. Då kyrkja vart måla for nokre år sidan fekk me informasjon om kva som skulle skje på eit informasjonsmøte og gjennom kyrkjelyd- og bygdebladet "Helg og Kvardag". Folkevilja må få bestemma, seier Hans Tønjum og ristar på hovudet. 

– Me vil ha preikestolen attende. Dette er ei kyrkje, ikkje eit vanleg forsamlingslokale, seier Hans Hagheim. 

– Eg trur dette er den første kyrkja som har mista preikestolen sin med velsigning frå biskopen i Bjørgvin og Riksantivaren. Eg håpar saka ordnar seg, men det bør skje raskt, seier Raa. 

TØNJUM: Tønjum kyrkje i Lærdal er bygd i 1832.
TØNJUM: Tønjum kyrkje i Lærdal er bygd i 1832.

 

Har du tips til saker? Ring oss på 480 13 131, send det på SMS til PORTEN [di melding] til 1963 eller på e-post tips@porten.no.

Til toppen