FÅR STØTTE: Knipenborg skyttarlag er eit av tre lag eller organisasjonar som har fått innvilga søknaden sin om støtte frå Årdal kommune. Arkivfoto: Kjetil Hov.
FÅR STØTTE: Knipenborg skyttarlag er eit av tre lag eller organisasjonar som har fått innvilga søknaden sin om støtte frå Årdal kommune. Arkivfoto: Kjetil Hov.

Gir tilskot til lag

Årdal kommune gir til saman 4500,- til lag og organisasjonar som har søkt om tilskot nyleg.

Årdal: Det var kome inn fem søknader om støtte til Årdal kommune då formannskapet behandla saka tysdag. Samla vart det søkt om 29 500 kroner, der Veterancupen søkte om den desidert største summen.

Formannskapet har sett av 50 000 kroner til slike formål i 2016, og før desse søknadene kom inn, var det berre att 30 000 på denne posten. Etter som Veterancupen får 40 prosent rabatt i halleige, blei det beslutta at dei ikkje fekk støtte.

Det fekk heller ikkje ÅTIL handball som søkte om økonomisk støtte til basaren i april. Redusert leige av Tangenhallen er årsaka.

Det dei folkevalde gjekk inn for å gi støtte til derimot, var 3000 kroner til Sogn og Fjordane Turlag, der pengane skal brukast til eit felles turprogram for fylket.

– Dette er noko som treff oss i Årdal godt. Det er mange som er medlem av turlaget og mange organisasjonar som frontar dette. Det framhevar folkehelse, og programmet vil gi oss ytterlegare informasjon om turane som er tilgjengeleg i fylket, sa Ørjan Stedje Ylvisåker (Ap).

I tillegg får Noregs Blindeforbund 1000 kroner til produksjon av lydavis, medan Knipenborg skyttarlag får 500 kroner i premietilskot til innandørs samlagsstemne seinare denne månaden.

Til toppen