Katrine Sele gir ut boka "Jølster Hotell". Foto: Pressefoto/ Bent Are Iversen
Katrine Sele gir ut boka "Jølster Hotell". Foto: Pressefoto/ Bent Are Iversen

Gir ut bok om asylsøkjarar sitt møte med Noreg

Katrine Sele hadde 100 naboar ho ikkje visste noko om. Ho oppsøkte heimen deira og tre år seinare gir ho ut bok om opplevinga. 

Jølster: – Boka handlar mellom anna om opplevinga av det å vere flyktning i Noreg. Boka er sydd saman av ni ulike historier, ni unike skjebnar. Eg håpar eg klarer å formidle kjensler som sakn, lengsel, frykt, draumar og håp, seier forfattaren av boka "Jølster Hotell, Historier frå eit asylmottak", Katrine Sele.

Sele bur på Vassenden i Jølster kommune berre nokre steinkast frå asylmottaket som dannar bakteppet for boka.

– Ideen bak boka kom til fordi eg byrja å tenkje på dei som budde på mottaket. Eg hadde 100 naboar eg ikkje visste nokon ting om. Eg bestemte meg for å oppsøkje mottaket for å bli betre kjent med dei som budde der, seier Sele.

Katrine Sele har skrive boka Jølster hotell, Historier frå eit asylmottak.
Katrine Sele har skrive boka Jølster hotell, Historier frå eit asylmottak.

Vanskeleg historie å fortelje

Forfattar Sele legg ikkje skjul på at arbeidet med boka har vore ein lang og krevjande prosess.

– Historia har på fleire måtar vore vanskeleg å fortelje. Heilt frå eg sette føtene innanfor døra på mottaket første gong forstod eg at eg måtte arbeide annleis enn eg var vand med, fortel ho.

Sele, som har jobba som journalist, var vand med å gå inn i ein situasjon, stille spørsmål og gå ut att, men i møtet med asylsøkjarane var ho nøydd til å ha ei anna tilnærming.

– Eg merka tidleg at dei oppheldt seg mykje på romma, og det var ein tidkrevjande prosess å komme inn på dei.

Etter kvart blei ho frivillig i resepsjonen på mottaket.

– Då kom eg tettare på, og eg byrja å prate meir med dei. Eg blei godt kjent med nokre av dei. Det var ikkje som ein intervjusituasjon. Det var møte mellom menneske der ein blir kjent med kvarandre.

Det var òg på den måten ho kom inn på vanskelege tema.

– Det skjedde rett og slett heilt naturleg. Men det er klart det gjer inntrykk når du til dømes sit side om side med ei som skildrar korleis ho har blitt valdteken.

Vil syne fram likskapar

Delar av boka til Sele handlar om den norske utvandringa til Amerika.

– Parallelt med at eg jobba med boka las eg bøkene til Edvard Hoem som handlar om norsk utvandring. Eg byrja å sjå likskapar mellom dei som utvandra for om lag hundre år sidan, og dei som innvandrar i dag, seier Sele.

Ho byrja å fordjupe seg i materialet og fann ut at dei som reiste til Amerika den gong ofte sleit med å tilpasse seg det nye samfunnet dei kom til.

– Det var mykje liding. Dei kom til eit nytt land der dei kjende få eller ingen. Dei kunne ikkje språket og kulturen var annleis. Det minner utruleg mykje om den situasjonen asylsøkjarar og flyktningar som kjem hit i dag, er i.

Artikkelen held fram under biletet.

Jølster hotell dannar bakteppe for historia til Sele. Bygget som tidligare var hotell, har i mange år vore asylmottak.
Jølster hotell dannar bakteppe for historia til Sele. Bygget som tidligare var hotell, har i mange år vore asylmottak.

I boka til Sele følgjer vi ni ulike historier. Det som går att i alle er dei menneskelege kjenslene vi alle kjenner så godt.

– Det handlar om at vi menneske er like og kjenner på same gleder og sorger. Kjenslene blir berre så utruleg forsterka for ein som flyktar til Noreg med håp om eit betre liv.

Kritikk av styresmaktene

Sele legg ikkje skjul på at boka òg har politisk brodd.

– Eg tek opp ein del utfordringar flyktningar og asylsøkjarar får i møtet med det norske systemet. Tidsperspektivet er viktig. I arbeidet mitt har eg blitt sjokkert over kor lang tid ting tar og kor lenge ressurssterke menneske må sette livet på vent, fortel forfattaren.

Trass i kritikken av handteringa til styresmaktene ser ikkje Sele situasjonen som bekmørk.

– Eg opplever òg at mange flyktningar får positive opplevingar i møte med nordmenn. Til dømes i kvardagslivet på mottaket – fleire av asylsøkjarane kalla ei av dei tilsette for mamma. Nokre hadde også god kontakt med folk i bygda – eit par av kvinnene vanka mykje med folk frå indremisjonen. Så eg såg også eksempel på gode møte mellom flyktningar og innfødde.

Sele er usikker på om det er betre å bli busett ute i kommunane enn i ein større by.

– Eg trur det er fordelar og ulemper med begge delar. Til dømes er det nok ein fordel at det ute i Kommune-Noreg er gjennomsiktige miljø òg at ein på den måten får asylsøkjarar tettare på sin eigen kvardag. I tillegg trur eg det er mange som ønskjer å syne at det er bra å bu i deira kommune og at dei difor tek godt i mot dei nye innbyggjarane, seier Sele.

– Det som kan vere fordelen med å vere asylsøkjar i ein by er nok at ein har større tilgang på jobb og studiar. Mange av dei som kjem hit har ei utdanning og meistrar yrkesoppgåver som ein kanskje berre finn i byane, legg ho til.

(©NPK)

Til toppen