TV-AKSJONEN: Frå venstre: Aud Andersen, Odveig Borlaug, Johnny Bruheim (leiar for kraftverksdrifta til Hydro i Sogn), Sandra Opheim, Wenche Eldegard (fabrikksjef Årdal Metallverk) og Henny Midtun. (Bilde: Pressefoto)

Givarstafetten har fått opp farten i Årdal –  her gir Hydro 100.000 til TV-aksjonen

Næringslivet i Årdal opnar lommebøkene for at krigsråka born skal få skulegang.

Årdal: I går fekk den lokale aksjonskomitèen overlevert ein sjekk på 100.000 kroner frå metallverket i Årdal, samla gjev Hydro 1,1 million kroner til TV aksjonen. Resten av næringslivet støttar òg opp, fleire har gitt sine bidrag på giverstafett.no.

LOKKETILBOD: Tya bakeri i Årdal stiller med bakervarer til bøssebærarane.
LOKKETILBOD: Tya bakeri i Årdal stiller med bakervarer til bøssebærarane. Foto: Sandra Opheim

Mellom anna har klesbutikken Tisku og frisørsalongane Studio S og Frisørstova alle gjeve 1.000 kroner kvar. Dei oppmodar andre lokale butikkar og frisørsalongar i Sogn om å gjere det same. Årdal Energi har gjeve 5.000 og oppmodar òg sine tilsette til å gå med bøsser på søndag.

Treng dei ein ekstra liten motivasjon kan Tya bakeri lokke med gratis bollar til alle bøsseberarane i Årdal under innsamlingsdagen. 

– Dette er rause og flotte bidrag som me er svært takksame for og som me håpar vil inspirere andre til å bidra òg, seier Sandra Opheim i den lokale givarkomitèen.

Årets TV aksjon går til UNICEF, den største hjelpeorganisasjonen for barn i verda. Pengane som vert samla inn skal brukast til å gje skulegang og håp til barn som er råka av krig. Artikkel 28 i Barnekonvensjonen seier at alle barn har rett til utdanning men 24 millionar barn får ikkje skulegang på grunn av krig og konflikt.

– I Årdal treng me rundt 85 bøsseberarar og me er enda ikkje i mål med å rekruttere, så me ber folk melde seg til oss eller dei kan registrere seg på nettet, seier Opheim.

BIDREG: Grete Høgheim og klesbutikken Tisku er blant mange næringsdrivande i Årdal som støttar opp om TV-aksjonen.
BIDREG: Grete Høgheim og klesbutikken Tisku er blant mange næringsdrivande i Årdal som støttar opp om TV-aksjonen. Foto: Sandra Opheim
Til toppen