FRIDOM: Sommaren 2020 gav oss eit lite glimt av livet utanfor Koronaland. Så kom hausten, og med det nye restriksjonar.
FRIDOM: Sommaren 2020 gav oss eit lite glimt av livet utanfor Koronaland. Så kom hausten, og med det nye restriksjonar. (Foto: Privat)

KOMMENTAR

– Gje deg sjølv ein klapp på skuldra, det fortener du!

Eit år sidan landet stoppa opp - kva sit me att med? Redaktør Ola Weel Skram har sitt å seie om saka.

KOMMENTAR: Dette er ein kommentar, skrive av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.


 Det siste året har gjeve oss, som samfunn, mange prøvelsar. 

Næringslivet har slite, kultur-Norge ligg nede med brekt ryggrad, og talet på unge som slit med psykiske helseplager har stege til vêrs.

Me har også har me hatt andre viktige problem. Nokre brennheite tema i Sogn, frå den siste tida, eksemplifiserer dette godt: Hundedrit som kjem til syne etter vinteren, rånarar som køyrer fort og studentar som blir sure og kastar egg, og sist men ikkje minst; kommunen som ikkje ville at folk skulle få stå på skøyter på isen.

 Ja, me har nok å stri med, det skal ikkje stå på det. 

Men eg tykkjer no i bunn og grunn at me klarar oss ganske greitt. Eg vil faktisk trekkje det så langt og påstå at me som samfunn har synt oss frå våre betre sider her i Sogn, det siste året. Me har vist respekt for smittevernomsyn, både ovanfor oss sjølv og andre. Me har lytta til råda frå myndigheitene og tilpassa oss.

Og har me hatt noko smitte? Nei, langt derifrå! I alle fall sånn nesten.

Me har rett og slett vore på kanten til eksemplariske, meiner no eg.

Skal ein tru ordførar Arnstein Menes i Sogndal kommune er me sogningar dyktige på smittevern.

– Grunnen til dei få tilfella er rett og slett at folk har vore flinke, seier han. Ein klok mann i dette tilfellet, tykkjer no eg.

For sjølv om mesteparten av smitta spreier seg på andre sida av Hemsedalsfjellet i aust eller ved fylkeshovudstaden i vest, har me, høflege som me er, sote stille i båten og akseptert den eine restriksjonen etter den andre.

 Fotball skal me ikkje få spele. Øl på dampskipskaia er lov berre om du har bestilt toast ved sidan av. Og nåde deg om du skulle finne på å ta taxi utan munnbind på.

Ja, restriksjonane har vore mange. Ein etter ein har det eine etter det andre arrangementet vorte avlyst - sjølv om me knapt nok har hatt smitte i regionen.

Men har folk klaga? Snarare tvert imot! Folk følgjer med, passar på.

Sjølv fekk eg meg ein reprimande frå min utkåra då eg valde å opne opp chipsposen inne på butikken rett etter ein handel, utan å sprite hendene mine først. Tenkje seg til? OK, kanskje er det no vel litt huleboersk av meg å opne chipsposen inne i sjølve butikken, før eg i det heile tatt har gått ut. Eg forstår jo det. Men det må då vere lov på ein fredag!?

Får me ikkje ein gang helgefri frå denne koronaen!? 

Men eg skulle no ha sprita hendene mine først. Eg må vel gå med på den.

 I dag er dagen me alle har venta på. Eitårsjubileumet. Eit år med korona. Eit år sidan landet stengde ned.

Men om du tenkjer å feire med kake kan du gløyme å få lov til å blåse ut lyset. Og det er no vel heilt greitt.

Sakte men sikkert har dei fleste av oss byrja å akseptere tilstanden me befinn oss i. «Koronaland». Her må me ta omsyn, tenkje på andre, og frivillig akseptere den eine restriksjonen etter den andre utan noko som helst form for protest. 

Det er no litt rart å tenkje på at me lev med ein pandemi som tidvis kan verke som at den er veldig langt unna. I alle fall sjølve viruset. 

Det er jo stort sett ikkje me sogningar som er råka. Ikkje folk me kjenner, heller. Likevel set vi folkehelsa først. Vi set dei andre først. Folk me aldri har møtt. 

Er ikkje det det som kallast altruisme?

Har me sogningar blitt endra til eit altruistisk samfunn på grunn av Korona? Nei, det blir no vel å trekkje det litt langt. Men me har vore gode, tykkjer no eg. 

Så om du har klart å kare deg heilt ned heilt til slutten av dette innlegget synst eg du burde stoppe opp eit sekund, og tenkjer over det eg skriv her. At me er gode. Me stiller opp for kvarandre. Og me tek omsyn. 

Kanskje me nordmenn ikkje er så egosentriske som mange skal ha det til? Kanskje me ikkje er så aller verst likevel?

Vel, den debatten får me ta ein annan dag.

Eg syns no likevel du skal gje deg sjølv ein klapp på skuldra - det fortener du! 

Til toppen