NY PLASS: Naturlegvis tykkjer ungdommane sjølve det er seigt å flytta frå dagens Kosen, men finn ein ein plass ungdommane sjølve ser på som eit godt alternativ – og som er trygg, ikkje minst – har ein truleg gjort noko godt for framtida. Arkivfoto
meiningar
NY PLASS: Naturlegvis tykkjer ungdommane sjølve det er seigt å flytta frå dagens Kosen, men finn ein ein plass ungdommane sjølve ser på som eit godt alternativ – og som er trygg, ikkje minst – har ein truleg gjort noko godt for framtida. Arkivfoto
meiningar

Gje ungdommane eit skikkeleg lokale

Blant alle dei tunge sakene i Lærdal, handlar den viktigaste om ein ungdomsklubb.

  • Endret

Leiar: Kosen ungdomsklubb har vore staden ungdommar under 18 år har vanka i etter kvart generasjonar. Her har durabelege oppgjer i bordtennis og biljard vorte utkjempa, mang ei forelsking oppstått og ikkje minst venskapsband til både jamaldrige, yngre og eldre vorte knytte.

Bygningen som husar Kosen er vorte synonymt med ungdomsklubben. Ungdommane sjølve vil vera her, det er lett å forstå.

Les også: Har kome fram til tre alternative plasseringar av ungdomsklubben

Men bygningen som ei gong var skule, er i heller dårleg forfatning. Ein nyleg utarbeidd tilstandsrapport konkluderer med at den ikkje stettar alle krav til branntryggleik. Og det seier seg sjølv at noko må gjerast då.

Les også: Brannsjef: – Noko må gjerast med Kosen ungdomsklubb

Viktig for bygda

Det er to alternativ; rehabilitera heile bygningen som i dag husar Kosen, eller flytta ungdomsklubben. Det første blir svært dyrt, og då må nok ungdommen innsjå at det skal mykje til for at Kosen held fram der den er i dag.

Men at ungdommen får eit nytt lokale å ha klubb i, skulle berre mangla. Ein ting er at det er viktig for ungdommane sjølve, dei frå 13 til 18 år, å ha ein møtestad. Men det er faktisk viktig for bygda si framtid.

Politikarane og administrasjonen i Lærdal jobbar med store og viktige saker, absolutt. Ja, me treng arbeidsplassar og me treng bustader, heilt klart. Det er viktig med gode prosessar, det er viktig at ting blir gjort i rett rekkjefølgje – men at det samstundes ikkje går så tregt at ein ikkje kjem fram til noko.

Det er viktig for omdømet til Lærdal at dei etter kvart mange konfliktsakene blir færre, og det ganske så snart. For kven vil vel flytta til ein kommune der alle – tilsynelatande – kranglar om alt mogleg?

Jau, dei som elskar heimstaden sin – eventuelt elskar nokon som elskar heimstaden sin. Blir eit frø sådd i denne kritiske fasen av livet – tenåra – som fører til tankar om at på denne plassen har eg jammen gode vener, her er det kjekt å vera; då skal ein gjera mykje rart for å ta livet av det som veks frå dette frøet. 

Det blir ikkje behov for å skapa nye arbeidsplassar eller stimulera til bustadbyggjing i framtida om ikkje mange nok ungdommar dreg med seg gode opplevingar, gode venskap og knyter sterke band som er relaterte til heimstaden i løpet av desse åra. For utan dette, vil få tenkja på å flytta heim. Og det blir færre lærdøler.

Ein god ungdomsklubb kan vera eit sentralt element her. Difor er denne saka så viktig.

Artikkelen held fram under biletet

FØRSTE PRI: Av alternativa som har kome på bordet så langt, ser ungdommen sjølv lokala som i dag husar Lærdal bibliotek som mest aktuelle. Det føreset at biblioteket flyttar og blir samlokalisert med Læårdal kulturhus – noko det har vore snakk om, men som ikkje er bestemt. Arkivfoto 
FØRSTE PRI: Av alternativa som har kome på bordet så langt, ser ungdommen sjølv lokala som i dag husar Lærdal bibliotek som mest aktuelle. Det føreset at biblioteket flyttar og blir samlokalisert med Læårdal kulturhus – noko det har vore snakk om, men som ikkje er bestemt. Arkivfoto 

Kva er alternativet?

Ein kan gjerne seia at slike venskap først og fremst oppstår i barnehagen og på skulen, i idrettslaget, skyttarlaget, musikklaget eller ein eller annan annan organisert aktivitet.

Mykje sant i det. Men ein ting skil ungdomsklubben frå skule og organiserte aktivitetar – råmer. Medan vaksne stort sett alltid har regien på skulen eller i laget, er det «friare» på ein ungdomsklubb. Sjølvsagt er det vaksne som held kontrollen her også, men råmene er vide.

Difor er ein ungdomsklubb noko «annleis» og den møtestaden i ei bygd som Lærdal der tenåringane har gode vilkår for å stifta eller konsolidera dei viktigaste venskapa i liva sine; finna meir ut av kven dei er og kven dei passar i lag med.

Alternativet er truleg at dei møtest i små grupper heime hjå nokon. Det blir snevrare sosialisering av slikt. Og sjølv om det i ein del tilfeller vil vera foreldre til stades i vedkomande heim, er det slett ikkje alltid. Og ein forelder er ikkje det same som ein ungdomsarbeidar.

Det andre, supplerande, alternativet er at ungdommane i enno større grad møtest på Snapchat, Facebook, Instagram.

Ingen snakkar om nedlegging – heldigvis 

For ungdommar vil møtast, vil vera sosiale. Det er i alle fall eit veldig godt teikn viss dei vil det. Og medan dei over 18 år trass alt har nokre slike uformelle møtestader i Lærdal året gjennom, er det ingen andre enn Kosen for tenåringane. 

Så, om ikkje anna er i alle fall ungdomsklubben eit svært viktig supplement til skule og lag med organisert aktivitet – meiner me.

Drøftingssaka formannskapet hadde oppe torsdag for halvanna veke sidan gjekk på at ei gruppe som er sett ned for å finna alternative lokale til Kosen, har kome med tre framlegg. Blant desse er lokalet som i dag husar Lærdal bibliotek det ungdommane sjølve helst ser føre seg.

Nokon lang diskusjon blei det ikkje, og nokon konklusjon kom heller ikkje på bordet – det ligg no ei gong i ei drøftingssak sin natur. Men me registrerte i alle fall ikkje nokon politikar som ymta frampå at det er eit alternativ å leggja ned ungdomsklubben. Og det er bra. Det var meir snakk om tidslinja og eventuell sambruk.

Kva lokalitet og løysing ein landar på, skal ikkje me meina så mykje om – men gje i alle fall ungdommen eit skikkeleg lokale dei kan tenkja seg å vera i!

Utan ungdomsklubb trur me Lærdal blir ein fattigare stad å vera for denne aldersgruppa. Alt som kan bidra til gode minner frå – og relasjonar i – ungdomstida i Lærdal, vil bidra til at fleire ønskjer å busetja seg «heime» når den tid kjem. Og til det trur me Kosen er ein viktig bidragsytar.

Til toppen