MÅLSKORAR: Endre Kauppi Straumsheim var ein av målskorarane i dag. Foto: Ivan Øy/ Arkivfoto
MÅLSKORAR: Endre Kauppi Straumsheim var ein av målskorarane i dag. Foto: Ivan Øy/ Arkivfoto

Gjekk begge vegar for Årdal/ÅTIL

Søndag hadde fotballlaget til Årdal/ÅTIL sine to første kampar i vinterserien.

Årdal: Laget består av unge spelarar frå 14 til 19 år. Dei spela bortekamp mot Balestrand og Tornado Måløy. 

I den første kampen var Balestrand motstandaren til Årdal/ÅTIL. Kampen endte i 2-1 tap for årdølene. 

- Me var veldig uheldige med tapet mot Balestrand. Me skapte mange store sjansar, men det blei litt for mange feil, seier trenar Ivan Øy. 

- Det var god innsats frå alle spelarane, sjølv om det ikkje gjekk heilt vegen for oss i denne kampen, fortel han vidare. 

Deretter spela dei mot Tornado Måløy, då vann årdølene 3-2. Øy fortel at dei er veldig nøgde med denne sigeren. 

- Me var gode i denne kampen, seier Øy.

Han fortel vidare at dette er ein veldig kjekk gjeng å reise på tur med.

Til toppen