TI MOT SJU: Trond Øyen Einemo (H, t.h.) kom med eit framlegg som signaliserte at kommunestyret var positivt innstilt til etablering av hamn i Lærdal, men at sjølve saka om oppstart av planarbeid blir utsett til neste kommunestyremøte, 30. mars. Det fekk han med seg partikollega Jarle Molde (t.v.) og dei åtte representantane frå Senterpartiet på og kom såleis i fleirtal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
TI MOT SJU: Trond Øyen Einemo (H, t.h.) kom med eit framlegg som signaliserte at kommunestyret var positivt innstilt til etablering av hamn i Lærdal, men at sjølve saka om oppstart av planarbeid blir utsett til neste kommunestyremøte, 30. mars. Det fekk han med seg partikollega Jarle Molde (t.v.) og dei åtte representantane frå Senterpartiet på og kom såleis i fleirtal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Gjekk for industri i Håbakken, utsette oppstart av planarbeid for hamn

Kommunestyret i Lærdal vedtok reguleringsplanen for Håbakken II så det kan byggjast industri på området, medan hamnesaka vart utsett til neste møte.

Lærdal: Den mykje omskrivne saka om oppstart for planarbeid med siktemål om etablering av hamn i Erdal vart utsett til neste kommunestyremøte, sist i mars.

Les også: - Hamn er like viktig som Håbakken

Les også:- At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

Saka starta med ein time beståande av ymse gruppemøter. Då politikarane til slutt samla seg i salen, tok Leiv Aasen (Ap) ordet:

– Eg tykkjer det er uheldig at debatten går føre seg ute på andre rom, me kunne ha teke den her inne.

– Det er lov å meina, kommenterte ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

– Saka har kome fort

Annike Vanberg (SV) var klar i sin tale:

– Eg vil skryta av sakshandsamar her. Det er snakk om eit stort tiltak og administrasjonen peikar på mange problem. Så eg stør tilrådinga frå adminsitrasjonen.

Og tilrådinga gjekk altså ut på å ikkje gå for oppstart av dette planarbeidet.

Trond Øyen Einemo (H) kom med eit slags kompromiss: 

– Eg får prøva meg på noko som er litt meir postivt innstilt til dette, sa han, og kom med eit alternativt framlegg.

Framlegget gjekk ut på at kommunestyret stiller seg positive til etablering av hamneanlegg og tilhøyrande næringsareal i Lærdal, men at spørsmålet om lokalisering må vurderast nærare. 

Den konkluderande setninga i framlegget vart slik: «Kommunestyret ber vidare om at det blir lagt til rette for oppstart av planarbeid med frist til neste møte i kommunestyret».

Les også: “Skyt først og spør etterpå”-taktikk

Les også: – Ønskjer hamn hjarteleg velkommen i Erdal

Kåre Mentz Lysne (Ap) tykte saka hadde kome for «fort og gale»: 

– At det vart gruppemøter over ein time illustrerer litt. Saka har kome fort og det har ikkje vore tid til å tenkja gjennom og setja seg inn i saka. Lærdal Næringsutvikling sitt hamneprosjekt er premissleverandør. Og det er ei rekkje spørsmål: skal dette vera ei kommunal kai, til dømes? Ein må sjå mykje meir på kva konsekvensar dette kan få. 

Så gjekk kommunestyret til røysting. Det enda med ti røyster for Øyen Einemo sitt framlegg – hans eiga røyst, partikollega Jarle Molde si og Senterpartiet sine åtte. Dei resterande sju stemmene gjekk for administrasjonen si tilråding, at ein ikkje vedtek oppstart av planarbeid.

Såleis kjem saka oppatt i neste kommunestyremøte, den 30. mars.

– Har ikkje kunnskap til å vera verken positiv eller negativ

Kommunestyret hadde også oppe saka om områdereguleringsplan for Håbakken II torsdag.

Etter ein ikkje veldig lang debatt gjorde kommunestyret i Lærdal vedtaket med to tilleggspunkt i planføresegnene i høve framlegget frå formannskapet.

Men, at Håbakken II blir omregulert så det blir opna for industri her, betyr ikkje noko anna enn akkurat det, gjorde mellom andre Inger Bakken (Ap) klart:

– Eg er ikkje i tvil om kva som ligg i korta, og har på noverande tidspunkt ikkje kunnskap til å vera verken positiv eller negativ til Simas sine planar verken på Håbakken eller i Erdal. Eg kan gå for denne reguleringsplanen for Håbakken II, men berre det.

– Industri i vid forstand

Annike Vanberg (SV) kom med framlegg å utsetja saka, men dette fall – framlegget fekk berre hennar eiga røyst.

Les også: Industri i Håbakken: - Skepsisen har breidd seg meir og meir

Frode Myklebust (V) ville ha fjerna noko og tilføya noko anna i planføresegnene. Han ville fjerna setninga som sa at piper på industri var unnateke avgrensingane for kor høgt det kunne byggjast på området. Slike spesifikasjonar burde ein ta stilling til når konkrete søknader om etablering ligg føre, meinte Myklebust.

Artikkelen held fram under biletet

NI MOT ÅTTE: Her vedtek kommunestyret at ein ikkje kan byggja så høge piper ein vil på Håbakken II.
NI MOT ÅTTE: Her vedtek kommunestyret at ein ikkje kan byggja så høge piper ein vil på Håbakken II.

Han ville også ha inn ei formulering om at ein plan for eventuelt anleggsarbeid og drift på området må tilpassast fiske i fiskesesongen - i tillegg til det som stod om omsyn til aktivitet og drift på pelsdyrfarmen i perioden mars til juni.

Også Myklebust framheva at det her kun var snakk om å seia ja til ein eller annan form for industri, verken meir eller mindre.

– Og då industri i vid forstand – det kan vera turistindustri, som golfbane eller fornøyelsespark.

Framlegget til Myklebust vart stemt over i to omgangar. Framlegget om å fjerna unnataket for piper når det gjeld høgd vart vedteke med ni mot åtte stemmer, dette stemte alle Sp-representantane mot, alle andre for.

Framlegget om å tilføya formuleringa om fiske vart vedteken samrøystes.

Til toppen