MIKROBIL: Fiat 500 har motoren bak og blei bygga som ein bil til folket. Innvendig har den plass til fire personar. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.
MIKROBIL: Fiat 500 har motoren bak og blei bygga som ein bil til folket. Innvendig har den plass til fire personar. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Gjekk frå Lamborghini til Fiat 500

Få, om nokon, bilar er meir italienske enn ein klassisk Fiat 500. Frå Fredrikstad sel Jarle Haarseth den snautt tre meter lange doningen til norske kundar.

Har du jobba for Ferrari og Lamborghini, er det langt frå opplagt at du byrjar å selje Fiat 500 når du flyttar tilbake til Noreg. Det var heller ikkje planen til Jarle Haarseth. I 2008 skulle han vere med på å starte opp ein filial av den svenske luksusbilforhandlaren von Braun i Fredrikstad. Dei hadde funnet eit eigna lokale og skulle til å pusse dei opp i september, så gjekk Lehman Brothers over ende, finanskrisa var i gang og ei luksusbilforretning i Fredrikstad verka plutseleg som ein veldig dårleg idé.

– Så eg satsa i staden på å drive verkstad og service for dei bilmerka eg hadde jobba for, seier Haarseth. Noko som skulle vise seg å ikkje vere nokon god idé, det heller.

– Dei som ikkje har mykje pengar, men har kjøpt seg ein Ferrari eller Lamborghini, vel å ha bilane sine minst mogleg på service, dei synest det er for dyrt. Mens eigarar med mykje pengar vel merkeverkstad.

Artikkelen held fram under biletet.

VARIANTAR: Over åra blei Fiat 500 laga i ei rekkje forskjellige variantar. Abarth, som den gong var ein frittståande produsent av racingbilar, laga versjonar som hadde mellom 27 og 38 hestekrefter. Bilen her er ein replica som Haarseth sjølv har bygga opp.
VARIANTAR: Over åra blei Fiat 500 laga i ei rekkje forskjellige variantar. Abarth, som den gong var ein frittståande produsent av racingbilar, laga versjonar som hadde mellom 27 og 38 hestekrefter. Bilen her er ein replica som Haarseth sjølv har bygga opp.

Tilfeldig

Ved eit tilfelle tok han med seg ein Fiat 500 heim frå Italia. Ein bil Haarseth hadde sett overalt i dei 15 åra han budde i Italia.

– Eg trudde jo at dette var ein skikkeleg billig bil, ein du fekk for eit par tusen euro. Sånn er det ikkje, eg måtte gi ein del meir enn venta. Samstundes viste det seg at bilen eg hadde med meg, fekk langt fleire treff på Finn enn Ferrariane eg hadde lagt ut.

Med eit stort kontaktnett i Italia byrja Haarseth, frå ein låve litt nord for Fredrikstad sentrum, å byggje opp La Scuderia til å bli ein Fiat 500-spesialist.

Fiat 500 er ein del av den italienske folkesjela, som pasta og Vespa.

Artikkelen held fram under biletet.

INGENIØR: Jarle Haarseth er sivilingeniør og har jobba for Ferrari og Lamborghini. No er det Fiat 500 som gjeld.
INGENIØR: Jarle Haarseth er sivilingeniør og har jobba for Ferrari og Lamborghini. No er det Fiat 500 som gjeld.

– Det er Italia på fire hjul.

Bilen blei lansert i 1957, som ein billig folkebil. 297 centimeter lang, 500 kilo tung, med ein motor i hekken på 13 hestekrefter. Gjennom dei nesten 20 åra den var i produksjon, blei det laga nær 3,9 millionar Fiat 500.

Vekkjer merksemd

– Det er framleis rundt 600.000 igjen av dei, og den italienske Fiat 500-klubben er den største monomerkeklubben i verda, seier Haarseth.

Bilane blir henta i Italia, og så langt har han selt rundt 30 til norske kundar.

– Eg tør påstå at ingen bilar vekkjer like mykje merksemd som ein Fiat 500, på ein god måte. Parkerer du ein Ferrari, eller liknande, vil sjølvsagt folk også stoppe opp og ta bilde, men dei skaper ikkje så mange smil og så god stemning som ein 500.

Han seier at fleire av kundane brukar bilane som blikkfang for sine bedrifter, mens den som han trudde skulle gi størst effekt, ikkje heilt leverte.

– Eg skaffa NRK den gule kistebilen. Eg trudde det skulle vere god PR, men det var det eigentleg ikkje, for ingen såg på programmet.

NRK-programmet «Kisten» bestod av samtalar med kjende folk om livet og døden, samtalar som blei gjort i den gule Fiaten med ei kiste på taket.

Til slutt viste bilen seg å vere ei grei investering for NRK.

Artikkelen held fram under biletet.

KVIKK: Sjølv om det ikkje er snakk om store motoren i dagens målestokk, så veg bilen berre 500 kilo, og er temmeleg kvikk med Abarth-motor.
KVIKK: Sjølv om det ikkje er snakk om store motoren i dagens målestokk, så veg bilen berre 500 kilo, og er temmeleg kvikk med Abarth-motor.

– Dei trudde at bilen skulle bli ei rein utgift, men enda med å selje den for meir enn dei hadde gitt meg.

Kvinner

Bilane Haarseth hentar, kostar rundt 5000 til 6000 euro. Med moms, litt småfiks og norsk registrering hamnar dei gjerne på cirka 100.000 i Noreg.

– Ein kan finne ein Fiat 500 til eit par tusen euro, men dei blir fort veldig mykje dyrare når ein skal sette dei i stand. Eg prøver å finne bilar som er i god stand, det er fort gjort at det går i minus dersom ein går på ein smell med fjorten dagar arbeid på bilen, i staden for to til tre dagar. Uansett så tener staten, med momsen, meir på desse bilane enn det eg gjer sjølv.

I verkstaden kan også Haarseth sette opp bilane etter ønskja til kundane. Den raude på bilda her har blitt bygd om til ein Abarth-versjon, med litt friskare motor, søkkt og utvida. Til forskjell frå mange andre bilar som ikkje vore i produksjon på lang tid, er det uproblematisk å skaffe delar. Ønskjer ein andre lakkfargar eller setetrekk, er det meste mogleg.

Fiat 500 er ikkje som dei fleste andre klassikarar, og ifølgje Haarseth skil også kundemassen seg frå det som er norma.

– Det er kvinner som er den største kundegruppa, noko som ikkje er så vanleg når det gjeld gamle bilar. (©NPK)

Til toppen