Sogndal: Det har alt byrja å mørkne når Gry Tokvam gjer faklane klare. Vinden blæs godt og rundt ho står folk og hutrar.

Gry er leiar for Indre Sogn Humanetisk Forbund og har saman med Trivselsentralen og CISV arrangert årets fakkeltog for menneskerettane.
– Det er ein fin måte å markera dagen på. I ei tid med juleførebuingar og stress, kan dette vera med på å få folk til å stoppa opp og tenka litt over korleis andre har det, seier Tokvam.
Ho seier dei har hatt ein 70-80 deltagarar dei førre åra og håpar det vert like god stemning i år. Eitt av formåla er å skapa ei litt rausare haldning til våre nye landsmenn.
Vil vere med og markere

I mengda kan ein så skimta ein godt kledd ordførar. Jarle Aarvoll seier han har vald å stilla på dette arrangementet fordi han meiner menneskerettane er ein av dei viktigaste sakene me har.
– Det er og noko av det viktigaste FN har i sitt program, så når eg først var her og visste om fakkeltoget, så handlar det om å visa med handling at ein støttar den kampen.
Han meiner og det er viktig å markere seg på denne måten, då ein vert mykje meir synleg som gruppe enn som enkeltperson.
Oppmodar alle om å markere dagen
Fakkeltoget beveger seg sakte framover medan tilskodarar tek seg ein ekstra kikk for å finna ut av kva som skjer. Toget går frå kulturhuset gjennom Fjøra, og endar ved kommunehuset. Der ventar musikkinnslag frå Eivind Ødegård. Stemninga er god, sjølv om folk byrjar å verta kalde. Ein kan sjå at fleire og fleire brukar faklane til å varme hendene.
Etter musikkinnslaget går arrangementet vidare til ein appell frå Carol Azungi Dralega. Ho snakkar om sine opplevingar og les litt frå FNs verdserklæring om menneskerettar.

– Denne dagen betyr mykje for meg. Me lever i ei verd der mykje er bra, men der det framleis er ein del urett. Det er viktig å markera dagen og minna oss sjølve på å ta vare på desse grunnleggande prinsippa me har fått, seier ho.
Sjølv flytta ho til Norge frå eit land med mindre likestilling og fleire problem enn her. Difor set ho kanskje større pris på menneskerettane, trur ho. Likevel oppfordrar ho alle til å markera dagen.