MARKERING: Fleire tok turen til Sogndal laurdag for å delta i fakkeltoget. Der gjekk dei med ein stor banner og plakatar.
MARKERING: Fleire tok turen til Sogndal laurdag for å delta i fakkeltoget. Der gjekk dei med ein stor banner og plakatar. (Bilde: Amalie Roset Tufte)

Sogndølene gjekk i fakkeltog for pelsdyra

Sogndal var ein av stadene som deltok under den største markeringen for pelsdyr i Europa. 

Sogndal: Laurdag heldt organisasjonen NOAH sitt årlege fakkeltog mot pels over heile landet. Mange sogningar stilte opp framføre kulturhuset i Sogndal og gjekk i tog med faklar og plakatar.  

Amalie Roset Tufte er ei av årdølene som tok turen for å delta. 

– Det er første gongen eg har delteke på noko slikt, så det har vore interessant. Eg har jo alltid vore mot pels og støtta motstandarane, men ikkje på same måte, fortel ho.

– Det blir nok fakkeltog til neste år også. I tillegg har eg blitt medlem av NOAH. 

– Viktig å stå opp mot forsvarslause dyr

ENGASJERT: Inger Stokke synes det er viktig å bruke stemma si og stå opp for forsvarslause dyr.
ENGASJERT: Inger Stokke synes det er viktig å bruke stemma si og stå opp for forsvarslause dyr. Foto: Privat

Inger Stokke var òg ei av dei møtte i Sogndal for å delta på fakkeltoget. Ho er klar på kvifor ho valde å delta:

– For meg er det viktig å stå opp for forsvarslause dyr. Dei kjem til verda for å leve i eit metallbur heile livet, bli avlivd og flådd for å brukast til luksusklede. Me kan ikkje skylde på at me ikkje veit korleis dyra har det, fordi me veit det er grusomt. Kven kan då sitte med hendene i fanget og ikkje gjere noko eller meine noko? Eg er i mot all tortur og difor hever eg stemma mi. 

Stort engasjement

Dette er fjortande gongen NOAH arrangerer fakkeltog mot pels og i år var Sogndal ein av tretti stader som deltok under markeringa. Til saman deltok omtrent 8.900 personar i NOAHs fakkeltog for pels laurdag. 

– Med nok eit rekordoppmøte og rekordmange byar syner fakkeltoget til NOAH at folket aldri kjem til å gløyme pelsdyra, seier leiar i NOAH, Siri Martinsen, i ei pressemelding. 

– Me er utruleg glade for at folk stiller opp for dyra, og at engasjementet aukar for kvart einaste år. 

Organisasjonen har òg halde appellar foran Stortinget, der forfattaren Unni Lindell og skodespelar Helene Vikstvedt var nokre av appellantane. 

Til toppen