AVTALE: Ein avtale om sal av desse to bygga (det i front og det i bakgrunnen) frå Lerum til Lærdal kommune vart godkjent i formannskapet tysdag. Lærdal Grønt skal leiga bygget til dei flyttar til Håbakken – eller dei pliktar seg til å kjøpa bygget om dei ikkje flyttar. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
AVTALE: Ein avtale om sal av desse to bygga (det i front og det i bakgrunnen) frå Lerum til Lærdal kommune vart godkjent i formannskapet tysdag. Lærdal Grønt skal leiga bygget til dei flyttar til Håbakken – eller dei pliktar seg til å kjøpa bygget om dei ikkje flyttar. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

Gjekk inn for at kommunen skal kjøpa resten av lerumbygget

Bygget skal leigast utatt til Lærdal Grønt inntil nye lokaler står klare på Håbakken, eventuelt skal Lærdal Grønt kjøpa bygget frå kommunen att dersom dei ikkje etablerer seg på Håbakken.

Lærdal: Formannskapet i Lærdal gjekk tysdag samrøystes inn for at kommunen kjøper resten av bygget som Lerum i dag eig på Grandane for vel 8,7 millionar kroner som skal finansierast med låneopptak.

Deler av bygget husar i dag Lærdal Grønt, og dei har leigeavtale med Lerum til 1. juni 2018. Lerum ønskjer å selja bygget.

Samstundes vurderer Lærdal Grønt å etablera seg på Håbakken, men eit evnetuelt nybygg her vil ikkje stå klart til 1. juni 2018, mellom anna grunna lang sakshandsaming med reguleringsplanen ettersom det har kome fleire merknader frå NVE og Statens Vegvesen. 

Les også: Legg planar for storsatsing på landbruk, mat og reiseliv

Les også: Lærdal Grønt framførde sterkt ønskje om fortgang i Håbakkenprosessen

Får kjøpsplikt om flytting til Håbakken uteblir

Dermed har dei tre partane – Lerum, Lærdal kommune og Lærdal Grønt – forhandla fram ein avtale om at kommunen kjøper bygget på Grandane med overtaking 1. juni 2018. Så blir bygget leigd ut til Lærdal Grønt til dei eventuelt har fått nye lokaler på Håbakken.

Dersom Lærdal Grønt ikkje etablerer seg på Håbakken, pliktar dei å kjøpa bygget på Grandane. Dette må Lærdal Grønt gi avklaring på innan 1. april 2018.

Slik vart saka lagt fram for formannskapet tysdag, og ordførar Jan Geir Solheim, som har forhandla frå kommunen si side, sa følgjande:

– Dette er ein forretningsmessig avtale. Det var forhandlingar der ingen av partane var veldig nøgde. Så då er det vel eit godt resultat.

– To fluger i ein smekk

Solheim bad formannskapet vurdera hans eigen gildskap ettersom han hadde forhandla for kommunen; formannskapet var samde om at Solheim var gild.

– TO FLUGER I EIN SMEKK: Kåre Mentz Lysne (Ap), her ved sidan av Annike Vanberg (SV)
– TO FLUGER I EIN SMEKK: Kåre Mentz Lysne (Ap), her ved sidan av Annike Vanberg (SV)

Kåre Mentz Lysne (Ap) påpeika at dei ikkje gjekk inn for avtalen for å gje Lærdal Grønt eit fortrinn.

– Me driv ikkje med skilnadshandsaming; me gjer dette med ambisjon om å tena pengar sjølve, sa han.

Og utdjupa vidare:

– Det er sit spennande næringsareal, særskild no som Andersen har etablert seg her; det kan føra til klyngeeffekt. Så det er eit areal kommunen bør ha hand om. Her meiner eg me slår to fluger i ein smekk. 

Les også: Her får ordføraren æra av å opne den nye butikken

Saka skal slutthandsamast i kommunestyret 22. juni.

Til toppen