
Lærdal: Den første helga i september vert turløpet Maristovadilten arrangert. I haust er det 40 år sidan oppstarten i 1977.
Maristovadilten startar på Kyrkjestølen som ligg midt mellom Fagernes og Lærdal. Derifrå går turen til Maristova.
Marmorstøtte frå København
Om lag tre kilometer frå Kyrkjestølen står det ei marmorstøtte tett ved Kongevegen, som vart sett opp i år 1793.
Den kvite støtta skulle markere grensa mellom dei to stifa Akershus og Bergenshus, og vart frakta frå København.
I følgje Statens vegvesen kosta støtta 245 riksdalar, meir enn det årlege vedlikehaldsbudsjettet på vegen, den gang.
40-årsjubileum
Siv Tufte, som sit i arrangementskomiteen seier til Porten.no at Dagfinn Tufte er den einaste som har gått alle 40 gangane.
– Alle som deltek for første gang får diplom, deretter er det er premiering når ein har gått nokre år, seier Siv Tufte.
I år var det 173 personar som la i veg over fjellet. Av desse gjekk 36 for første gong. Då dei kom fram på Maristova fekk dei ein kopp i anledning jubileet, legg ho til.
– Det er mange med tilknytning til bygdi som går, mange av desse er langvegsfarande. Vi har til dømes folk frå Vinje i Telemark, Molde, Bergen, Drammen og Oslo, avsluttar Tufte.
Såg bjørn i området
Dagfinn Tufe seier til Porten.no at det er veldig mykje folk som har kosa seg, og kanskje nokre som ergra litt over gamlingen som har greidd seg i heile førti år.
Dagfinn hugsar eit par spesielle opplevingar. Maristovadilten har vorte arrangert første laurdag i september kvart år. Den mest dramatiske opplevinga var då nokon fekk auge på ein bjørn i området. Det gjekk heldigvis bra, avsluttar han.