SIGER: Jon-Hermann Hegg (16), frå Hegg Skyttarlag i Lærdal, henta heim sigeren under finalen i feltskyting i juniorklassa under Landskyttarstemnet fredag. Foto: Olav Tiemann Hegg
SIGER: Jon-Hermann Hegg (16), frå Hegg Skyttarlag i Lærdal, henta heim sigeren under finalen i feltskyting i juniorklassa under Landskyttarstemnet fredag. Foto: Olav Tiemann Hegg

Gjekk til topps for tredje gong

Jon-Hermann Hegg (16), frå Hegg skyttarlag, tok sigeren i feltskyting i juniorklassa under Landskyttarstemnet på Lesja fredag. 

Det er tredje år på rad det unge talentet sikrar seg siger i sin klasse. Han vann baneskytinga på Landskyttarstemnet både i 2013 og 2014. 

– Stort

– Dette er stort. Det var planen min å vinna før eg tok til å skyta. Medan då eg skaut vart eg usikker då det var mykje vind, men det gjekk jo likevel bra, seier Hegg til Porten.no

Hegg tek dermed med seg både pokal, medaljar og blomar heim. Han fortel at sigeren i dag har gitt meirsmak og han vil fortsetta tradisjonen. 

Sterk prestasjon

Hegg konkurrerte også i finalen i baneskyting under årets Landskyttarstemne torsdag, der han kom på delt 8. plass. Han skaut fullt hus og sikra seg 100 poeng med 9 innertreff under finaleomgangen, fortel Olav Tiemann Hegg, ungdomsleiar i Hegg skyttarlag. 

– 8. plass er ein sterk prestasjon. Han skaut godt under finalen, men låg etter med 1 poeng etter innleiande runde, fortel Tiemann Hegg. 

Les også: Samlar landets beste skyttarar

Til toppen